Julius Fure er død

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Julius Fure døydde i Selje natt til søndag. Med han er ein politisk høvedsmann borte; han sette sitt sterke preg på politikken i Selje kommune og i fylkeskommunen frå 1967 til 1995, og frå 1992 som styreleiar i Fylkesbaatane ut hundreåret.

DEL

Julius Andreas Fure vart fødd den 19. desember 1931. Etter å ha vore kreftsjuk ei tid, enda han livet 19. mars 2006.

Han var kjøpmann på Stadlandet (Leikanger), men med sitt politiske engasjement vart han naturleg nok vald inn i kommunestyret i Selje.

Fure sat i kommunestyret som representant for Høgre frå 1967 til 1983, og han var ordførar i to bolkar, 1968–71 og 1976–82.

Julius Fure var representant på fylkestinget i ei årrekkje. Han deltok der som ordførar i Selje i perioden 1968–71, og i 1976 kunne han etter det første direkte valet til fylkestinget ta plass som vald representant. I det vervet sat han heilt til 1995.

Fure var fylkesvaraordførar 1984–88 og fylkesordførar 1988–91.

Han hadde sentrale verv innanfor kraftforsyninga, såleis var han styreleiar i Ytre Fjordane kraftlag, og sat ti år som leiar i Landssamanslutninga av norske kraftkommunar.

Han vart styremedlem i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1978, frå 1980 til 1988 var han nestleiar i styret, og frå 1992 til 2000 var han styreleiar.

Julius Fure døydde frå ektemaken Anne Helene og døtrene Grete, Bente, Helene og Ragnhild.

Artikkeltags