Den irske norgesvenen og Melodi Grand Prix-legenda Johnny Logan kjem til Førde den 22. mars for å delta på irsk fest på Rica Sunnfjord Hotel.

– Eg er no offisielt ein veldig, veldig lykkeleg mann, og endrar namnet mitt til Johnny "The Viking" Logan, seier iren sjølv.

Plata «The Irish Connection 2» kom i 2012 og selde til platina både i Norge og i Danmark.

Arrangøren, Fjordane Musikkforum, fortel at det ikkje berre er Johnny Logan som skal lage liv i Førde denne laurdagen. Free Beer frå Otta vil spele irsk musikk i Barthold Bar og Dr. Doc frå Stryn spelar til dans etter Johnny Logan & Friends i Sunnfjordsalen.