Gå til sidens hovedinnhold

Jobbar på spreng mot vatnet

Artikkelen er over 9 år gammel

- Når dukkar kommunen opp for å hjelpe oss?

Sentrum Sør i Førde står under vatn måndag kveld, og fleire grunneigarar slit med å halde vatnet unna bygningane sine.

- Vi har stått her i snart tre timar for å styre vatnet unna førsteetasjen i Synssenteret AS, seier Harald Klakegg klokka 21.00.

Sandsekkar

Klakegg etterlyser kommunal hjelp i den situasjonen mange grunneigarar har komme i.

- Vi treng sandsekkar med ein gong. No har vi til og med teke i bruk ei uopna seng som buffer mot vassmassene. Men i det lange løp held ikkje det. Vi har brukt det vi har, seier han og ser vassmassene fosse forbi.

- Kaos

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, sa til firda.no tidlegare måndag kveld at dei jobbar for å hjelpe alle så raskt dei kan, men at flaumsituasjonen er uoversiktleg og kaotisk.

TIPS OSS MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33