Jenny gav arvtakaren ordførarklem

ORDFØRARKLEM: Mathias Råheim har akkurat overteke ordførarkjedet frå Jenny Følling. Her gjev dei kvarandre ein tverrpolitisk ordførarklem.

ORDFØRARKLEM: Mathias Råheim har akkurat overteke ordførarkjedet frå Jenny Følling. Her gjev dei kvarandre ein tverrpolitisk ordførarklem. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Mathias Råheim (H) vart i dag føremiddag formelt valt til ny ordførar i Gaular.

DEL

Under dei ferske folkevalde sitt første, konstituerande kommunestyremøte i Gaular torsdag føremiddag vart Senterparti-dronninga Jenny Følling (49) takka av etter 12 år i ordførarstolen.

Med Følling som ordførar har Gaular kommune etter kvart fått orden på ein vanskeleg økonomi, og har mellom anna gått frå 16 mill kroner i oppsamla underskot, til ein situasjon der Gaular kommune sit med ein økonomisk buffer på tre mill. kroner.

I løpet av møtet vart Følling rosa mellom anna for den positive folketalsutviklinga kommunen har sett dei siste åra, samt for å ha skapt eit politisk samarbeidsklima kor ueinigheitene ikkje har skapt konfliktar utanfor møteromma.

Ny ordførar i Gaular er frå og med i dag Høgre-veteranen Mathias Råheim (H).

Artikkeltags