Gå til sidens hovedinnhold

Jamna med jorda

Artikkelen er over 21 år gammel

I løpet av eit par ettermiddagstimar vart gamle Ørengården i Høyanger sentrum jamna med jorda. Med det gjekk også startskotet for den lenge planlagde utbygginga av Høyanger samvirkelag, til ein prislapp av 11,8 millionar kroner.



–Ei slik utbygging har vore omsnakka i nærare 10 år, både blant dei som jobbar ved samvirkelaget, og blant kundane våre.

– Så det er godt å vere i gang, seier disponent Bjørnar Kvarsvik ved Høyanger samvirkelag, som seinast i går var i møte med byggeleiar og arkitekt for utbyggings-prosjektet.

Narvesen-kiosken neste
Han fortel til Firda at dei reknar med at "nye" samvirkelaget vil stå ferdig utpå vårparten.

– Bygginga vil ta til om ikkje så altfor lenge, og pågå utover vinteren, seier Kvarsvik.
Men før dei kjem så langt skal Narvesen-bygget, til liks med Ørengården, rivast.

–Narvesen treng eit par veker på å flytte ut, og inn i dei mellombelse lokala i kjellaren i Høyanger rådhus, i dei gamle apotek-lokala. Men så snart dette er gjort kan bygginga for alvor ta til, seier Kvarsvik.