Jaktar på det perfekte båtbiletet

Foto:

Geoff kom frå London til Florø for å sjå gamle båtar

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Geoff Woodcock var ein av dei mange som stod på Torgkaia i Florø og venta på at «Atløy», «Børøysund», «Oster» og «Granvin» skulle returnere til Florø etter å ha frakta passasjerar rundt om i distriktet, til Høydalen, Kalvåg og øyane utanfor byen, Han knipsa og videofotograferte ivrig etter kvart om båtbane klappa til kai og passasjerane strøymde i land.

– Turen var ei fantastisk oppleving, ifølgje Marit Gjerstad, som hadde følgt den kolfyrte D/S «Børøysund» til Kalvåg. Gjerstad arbeider til dagleg i utviklingsselskapet Sunnfjord 2020 og er med å utarbeide opplegget til turistane som kjem med cruiseskip til Florø.

Elskar gamle båtar
– Magnificent, slo Woodcock fast. Han hadde fått med seg at Fjordsteam skulle arrangerast i sunnfjordbyen, og sette seg på flyet frå London med kamerabagane sine. Og turen angra han på ingen måte:

– Byen er fin og intim, og ei fin ramme rundt båtane, sa Woodcock, som forklarte kvifor han hadde teke turen på følgjande måte: Eg elskar gamle båtar, og er alltid på jakt etter det perfekte biletet.

På kaia stod mange skodelystne, som hadde brukt dagen til å vandre i byen og sjå seg rundt om bord på dei gamle båtane som ligg tett i heile hamna.

Sjå på bergensbåten
– Det her er nesten som i gamle dagar, då heile by'n samla seg på Fylkeskaia for å sjå på bergensbåten, flirte Kai Alvar Brandsøy, som stod og kikka på båtane som fortøydde medan ettermiddagssola fekk det til å skine og blenkje i dei blanke, svartmåla stålskroga.

– Det er eit flott syn, og på slike dagar kan vi florøværingar vere stolte av byen vår!

Artikkeltags