– Ja, vi elskar krabber!

ENTUSIASTISKE: Dagen til kompisane (f.v) Einar Arne Tviberg Norstrand, Nikolai Nordeide Kjørvik og Mathias Kjørvik Vilnes har bestått av krabber, hoppeslott og litt jobbing.

ENTUSIASTISKE: Dagen til kompisane (f.v) Einar Arne Tviberg Norstrand, Nikolai Nordeide Kjørvik og Mathias Kjørvik Vilnes har bestått av krabber, hoppeslott og litt jobbing. Foto:

– Eg et dei rett i frå skalet! seier Einar Arne. Det mangla ikkje på krabbeentusiasme hos dei frammøtte.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

I dag var Atløy fylt til randa med menneske. Og krabber.

Kompisane og slektningane Mathias Kjørvik Vilnes, Nikolai Nordeide Kjørvik og Einar Arne Tviberg Norstrand storkosa seg på krabbefestivalen. Særleg tykte dei det var kjekt at det er så mange folk til stades.

– Krabbefestivalen er utruleg kjekk! Det er stas når det skjer så mykje og det er så mange folk.

Gutegjengen har sjølve hjelpt til på arrangementet, i tillegg til å ete krabber og hoppe i hoppeslott.

– Vi trur det er mykje meir folk her i år enn i fjor, i alle fall verkar det sånn.

Mykje publikum

Anne Cathrine Hatle og Hanne Bontveit er travle i informasjon- og billettskranka.

– Her er det kjempeliv. Det har aldri vore så travelt som det er no, seier Hatle før ho må hjelpe ein gut som treng plaster.

Sølvi Sveinsberg frå Førde jobbar òg som frivillig.

– Eg er heldig som får vere her og hjelpe til. Folk er avslappa og smilar så lett, sola gjev god temperatur og i det heile er det ein veldig kjekk dag på Atløy.

Tilreisande

Søstrene Nathalie (11) og Leah (8) Madsen har teke turen frå Askvoll.

– Vi har ete litt krabber og det var godt!

Begge tykte det var kjekt på krabbefestival.

Heilt frå Larvik

Hege Astlø og Robert Jacobsen frå Larvik er på ferie i Askvoll. Hege har arva oldemora sitt gamle hus i Askvoll, og assosierer staden med ferie og sjøliv. sjølv har ho vore på Atløy før, men ikkje på Krabbefestival.

– Eg fekk tips frå mor og bror min om å ta turen på arrangementet, og angrar ikkje, seier Hege.

– Eg elskar krabber, så dette var heilt nydeleg.

Artikkeltags