Inviterer til deponi-prat

Bård Vegar Solhjell (SV) møtte deponimotstandarar i Vevring under valkampen i 2011. No har han statsråd-ansvaret for gruvesaka, og utsette nyleg avgjerda til det er gjort fleire undersøkingar.

Bård Vegar Solhjell (SV) møtte deponimotstandarar i Vevring under valkampen i 2011. No har han statsråd-ansvaret for gruvesaka, og utsette nyleg avgjerda til det er gjort fleire undersøkingar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) inviterer Naustdals-ordføraren til Oslo for å diskutere Engebøsaka.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Møtet med Håkon Myrvang (Ap) skal skje tysdag 2. april.

– Meininga er å gå igjennom brevet om utsetjinga av gruvesaka, og at vi kan diskutere og gi råd til Naustdal kommune, seier statsråd Solhjell til Firda.

– Vedtaket ligg fast. Undersøkingane må gjennomførast, før ei ny behandling. Men mediedebatten har vore prega av diskusjonar rundt ting som datoen som stod på brevet. Vi ønskjer å kome over i ein meir konstruktiv fase, seier Miljøvernministeren.

Solhjell meiner det no må handle om å få fram den kunnskapen som trengst for å kunne ta stilling til fjorddeponiet.

Alvorleg sak

– Det er ei alvorleg sak å dumpe store mengder masse i ein levande fjord som produserer store verdiar. Eg trur både ordføraren og eg vil ha nytte av ein roleg diskusjon om mellom anna omsynet til sjømatnæringa, seier han.

– Men kunne ikkje undersøkinga av straumtilhøve, kjemikaliar og lydtrykk blitt sett i gang straks Klif etterlyste dette for eitt år sidan?

– Etter at eg vart utnemnd som Miljøvernminister, vart det reist spørsmål om habiliteten min. Den vart vurdert fram til sommaren. I mellomtida kunne ikkje departementet jobbe med gruvesaka. Sist haust bad vi Klif undersøke landdeponi som eit alternativ, i håp om at det kunne løyse gruvesaka raskare. Men landdeponi gjekk ikkje.

– Myrvang skuldar deg for trenering og obstruksjon.

– Det er ikkje grunnlag for slike påstandar. Vanskelege saker tek ofte tid. Eg forstår at mange er frustrerte. Men kritikarane vektlegg etter mi meining verdiane av fiskeri og sjømat altfor lågt.

Omdømet

– «Vis meg eit meir miljøvennleg prosjekt enn Engebø», seier Naustdals-ordføraren.

– Engebøprosjektet inneheld berre ei utfordring, og det er sjødeponiet. Eg forstår at folk ønskjer utviklinga gruvedrifta kan gi, men ser ein på fakta i saka, hadde eg trudd at fleire ville vore urolege for konsekvensane. Oppdrettsnæringa representerer store verdiar, Førdefjorden er Nasjonal laksefjord, og deponiet kan gi oss ei internasjonal omdømeutfordring, sidan mange land forbyr sjødeponering. Veit vi kva vi gjer, kan vi forsvare fjorddeponiet, og ansvaret mitt er å syte for at vi har den nødvendige kunnskapen. Det vi gjer, må ikkje gå ut over verdiane fjorden representerer, og «føre var»-prinsippet er overordna, seier Solhjell.

Artikkeltags