Inviterer kundane til feiring

Moderne: For 90 år sidan selde AS Høyanger Trelastkompani både koks og kol ved sida av byggevarer. I dag er den moderne butikken i Høyanger ein av dei største i XL BYGG-kjeda rekna ut frå kundegrunnlaget. Frå venstre Per P. Øren, Frode Øren, Heidi Karlsen Baggetun, Svein Sivertsen og Leif-Magnar Bach.

Moderne: For 90 år sidan selde AS Høyanger Trelastkompani både koks og kol ved sida av byggevarer. I dag er den moderne butikken i Høyanger ein av dei største i XL BYGG-kjeda rekna ut frå kundegrunnlaget. Frå venstre Per P. Øren, Frode Øren, Heidi Karlsen Baggetun, Svein Sivertsen og Leif-Magnar Bach. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Vi ønskjer å gjere litt ekstra stas på kundane våre i samband med at vi i morgon fyller 90 år.

Det seier dagleg leiar og hovudaksjonær Frode Øren i AS Høyanger Trelastkompani til Firda.

Familieverksemd

Det var bestefar til Frode, Per A. Øren, som i 1924 lånte 10.000 kroner av far sin for å starte handel med byggjevarer saman med Andreas Haaland. Faren hadde selt Øren-garden då storindustrien kom til Høyanger.

Karane kjøpte eit stykkje fjøre og sette opp eit lagerskur med kai, alt bygd på pålar. 18. november 1924 vart AS Høyanger Trelastkompani grunnlagt. Verksemda vaks fort, og allereie i 1928 vart det bygd eit mykje større lagerhus. Då Høyanger var utan vegsamband kom alle varer med båt, og det vart òg bygd kai langs med heile området.

Sidan har det vore fleire utvidingar og moderniseringar, fram til i dag med 1900 rutemeter lager, og 800 rutemeter butikk, utstilling og kontor.

På det meste var det fire aksjonærar, men 2. generasjon Per P. Øren fekk full kontroll då han kjøpte ut dei tre andre.

Opp- og nedturar

– Naco-perioden frå 1962 og framover var ein gullalder for oss, og det same var perioden frå 1975 til om lag 1985, seier Per P. Øren og nemner bygginga av C-hallen på starten av 60-talet og ringverknadane av Fundo som vart bygd rundt midten av 70-talet.

– Vi leverte enorme mengder sement til både C-hallen og til bygginga av Fundo, og på det meste hadde vi 23 tilsette, 13 snikkarar og 10 personar knytt til butikk- og lagerdrift.

I dag er det 5,5 årsverk tilsett i alt ved «Trelasten».

Vil heidre kundane

– Det er trufaste kundar som har gjort det mogeleg for oss å overleve som næringsdrivande gjennom alle opp- og nedturar Høyanger har vore gjennom, slår Frode Øren fast.

Difor inviterer han i morgon til 90-årsfeiring med kaffi og kaker, reduserte prisar på alle varer pluss spesialtilbod på nokre utvalde varer. Feiringa held fram både onsdag og torsdag denne veka.

– Å kunne feire 90-årsjubileeum som næringsdrivande i Høyanger er stort for oss, og vi håper mange stikk innom butikken for å feire saman med oss, seier Frode Øren og smiler.

Artikkeltags