Inngår gigantavtale om datalagring

Her vil IBM lagre enorme mengder data.

Her vil IBM lagre enorme mengder data. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

LocalHost AS i Måløy håpar på 250 arbeidsplassar i løpet av ein 5-årsperiode.

DEL

Måløybedrifta LocalHost AS har i dag signert ein avtale med det store dataselskapet IBM om datalagring i Lefdal Gruve.

– Dette er ein merkedag. Vi har fått den tyngste og mest profesjonelle partnar vi kunne ønskje oss, seier administrerande direktør i LocalHost Sindre H. Kvalheim.

Ei aktuell problemstilling

Han meiner at Lefdal Gruve er i dag med på å å løyse ei svært aktuell problemstilling over heile verda.

– Dette er ikkje berre eit bodskap om Lefdal Gruve, men om heile Norge. Vi har prøvd å vere ein spydspiss som sel Norge som datalagringsnasjon, seier Kvalheim.

Nye arbeidsplassar

LocalHost ser for seg 250 nye arbeidsplassar i løpet av ein 5-årsperiode.

– Det betyr mykje for ein region som har vore i ein omstillingsstatus, seier styreleiar i LocalHost, Egil Sverre Skibenes.

Stort vekstpotensiale

Han har tru på at Lefdal Gruve kan bli ei stor norsk eksportbedrift, og at avtalen med IBM er starten på ein sektor som kan bli stor i heile landet.

– Men partnarskapet er ikkje nok, vi må ha kundar og samhandling med offentleg sektor, seier Skibenes.

LocalHost er no i gang med å skaffe kundar i samarbeid med IBM. For å setje i gang arbeidet med å byggje opp anlegget treng bedrifta ein kunde som treng minst 5000 kvadratmeter.

Nærings- og handelsminister Trond Giske og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete var også til stades under signeringa.

– Avtalen mellom LocalHost og IBM viser at Norge er eit attraktivt land for nye typer kompetanseindustri. Lefdal Gruve kan gi arbeidsplassar i ein region som verkeleg treng det, seier Navarsete.

Giske kalla Vestlandet ein motor i norsk næringsliv.

– Vestlandet har hatt ein enorm framgang. Sidan 2005 har det komme 60 000 nye arbeidsplassar. Eg trur at eit veldig stort lokalt engasjement har gjort LocalHost-prosjektet mogleg. Datalagring kan truleg vere eit bein å stå på når oljealderen tek slutt, seier ministeren.

Gode forhold

Den nedlagte gruva ligg 160 meter under fjordbotnet mellom Måløy og Nordfjordeid og er verdas største underjordiske olivingruve.

LES OGSÅ: Vil ha internettsky i Måløy

Ein djup, kald fjord med sikker straumforsyning og rikeleg tilgang på klimanøytral straum, er unike forhold for eit datalagringsdirektiv.

Artikkeltags