Inn i sentralstyret for 27 000 medlemmer

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Ønskjer å påverke ferjetakstar og bompengar

DEL

Arvid Kjøsnes frå Førde er vald inn i sentralstyret i Norsk Caravan Club, ein organisasjon med nesten 27 000 medlemmer.

Kjøsnes er 1. vara til styret på fem medlemmer, men ettersom han har møteplikt, vil han stille på alle styremøta. I tillegg til åtte styremøte og eitt landsstyremøte i året, blir det avvikla landsmøte kvart fjerde år.

Brei front

– Min jobb blir å tenkje caravanpolitikk på brei front, seier Kjøsnes. Mellom anna skal han vere med å leggje detaljane for landsmøtet på Lillehammer 3. juli, sjå på innkomne forslag og endringar i vedtektene.

Klubben engasjerer seg også i samferdslepolitiske spørsmål som ferjetakstar og prisane ved bomstasjonar.

– Vi ønskjer ikkje at turistar og andre skal bli flådde, seier Kjøsnes.

8. største avdeling

Norsk Caravan Club tel 26 794 medlemmer fordelt på 67 avdelingar, der avdeling Sogn og Fjordane er den 8. største med 730 medlemmer.

Kjøsnes er leiar både i avdeling Sogn og Fjordane og i Region 7 som omfattar Hordaland og Sogn og Fjordane. Eitt av dei store arrangementet lokalt i år blir regiontreffet på Førde Camping i pinsehelga.

NYTT VERV: Arvid Kjøsnes frå Førde er innvald til sentralstyret til Norsk Caravan Club. Arkivfoto: Anne Britt Sandøy

Artikkeltags