– Ingen samanheng

(Foto: )

UMA-tagging i Førde har ikkje samanheng med terroråtaket i Oslo, meiner Terje Engvik.

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Torsdag skreiv Firda om korleis det fleire stader i Førde sentrum var tagga hakekors i etterkant av terroråtaket mot Regjeringskvartalet i Oslo og på Utøya.

I tillegg til ni hakekors som spreia seg frå Biltema til Øyrane, skal det ha vore tagga to symbol med bokstavane UMA på transformatorkioskar ved Grovene.

– Ingen samanheng

Ifølgje Terje Engvik som bur i området er det ingen samanheng mellom UMA-tagginga og terrorhendinga.

– Denne UMA-tagginga var til stades minst ei halvanna veke i forkant av hendinga i Oslo, og har dermed ingen direkte samanheng med nazi-tagginga etter tragedien 22. juli, seier Engvik.

Skrivefeil i tagging?

Torsdag siterte Firda blant anna politiet som meinte UMA-tagginga kunne vere ei feilstaving i samband med terroren i Oslo, utan at dei var sikre på kva tyding tagginga hadde.

– Det første som slo meg var at dei tenkte på UNA, «unabombaren» og skreiv feil. Vi tvilar på at dei har lagt att initialane sine, sa Knut Harald Hansen ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Unabombaren skal ha vore eit idol for Anders Behring Breivik.

Fleire innspel

Firda har i etterkant av torsdag fått fleire innspel om kva dette denne tagginga kan bety. Nokre meiner at dersom du ser teikna som bokstavar, ser det ut til å stå «Human». Det første som slo andre var at UMA kunne stå for «Ungdom Mot Arbeidarpartiet».

Artikkeltags