I går var det eitt år sidan Politianalysen var klar. Men framleis har ingen justispolitikarar noko klart svar på kor mange distrikt framtidas politi-Norge skal ha, skriv VG.
Politianalysen foreslår store endringar i organiseringa av politiet i Sogn og Fjordane.
På landsbasis vil dagens 27 politidistrikt bli til seks, og dei 354 lensmannskontora vi har i dag til 203.
– Politianalysen er eit godt utgangspunkt, men ingen fasit på korleis det bør bli, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP) til VG.
På landsbasis er det Vest- og Sørlandet som vert hardest råka av reduksjonen av lensmannskontor. Politiutvalet har tidlegare føreslege å slå Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland politidistrikt saman til eitt politidistrikt, men dette avviste regjeringa i januar. Denne vestlandsgiganten ville i tilfelle ha vorte det største distriktet i landet.
- Les også: Ein heil region utan lensmann
– Talet distrikt berre eit verkemiddel
I likskap med Anundsen gjev heller ikkje Ap noko klart svar på korleis framtidas politietat vil sjå ut.
– Det viktigaste er at vi lykkast med å legge forholda til rette for eit tilgjengeleg politi som er godt rusta til å møte framtidas utfordringar. Elles er det veldig viktig at politiet kjem når folk treng dei, og har høg kvalitet med auka fokus på førebygging, etterforsking og styrka aksjonsberedsskap. Talet distrikt er berre eit verkemiddel for å oppnå dette, seier leiaren av justiskomiteen Hadia Tajik til VG.
I Senterpartiet har dei heller ikkje konkludert.
– Men det er heilt utenkeleg at det skal bli svært få politidistrikt. Store uoversiktlege einingar medfører ikkje sterkare styring og kontroll, og heller ikkje betre tenester, seier justispolitisk talskvinne Jenny Klinge.
- Les også: – Raskare, med mindre politi?
Vil ha meir desentralisering
Kjell Ingold Ropstad, KrFs medlem av justiskomiteen, meiner talet politidistrikt ikkje er det viktigaste i seg sjølv, men kva for tilbod borgarane får gjennom ein ny reform.
– Vi meiner derimot at seks politidistrikt ikkje vil gi innbyggarane eit godt nok tilbod. Politiet må bli meir desentralisert, få raskare responstid og vi må ikkje miste den viktige verdien det er i å ha eit politi som er forankra i folket og til stades i lokalmiljøet, seier Ropstad til VG.
Anders B. Werp, Høgre sin nestleiar i justiskomiteen, seier at dei ønskjer seg ein politireform som både tek for seg oppgaveporteføljen og strukturen.