Ikkje tvil om satsing på nær ein million

For FIBER: Eit samrøystes kommunestyre gjekk i går inn for fiberutbygging. Det er ordførar Oddmund Klakegg nøgd med.

For FIBER: Eit samrøystes kommunestyre gjekk i går inn for fiberutbygging. Det er ordførar Oddmund Klakegg nøgd med. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Jølster kommunestyre bestemte tysdag at kommunen går inn med 832. 000 kroner i fiberutbygginga.

Rungande ja

Kommunestyret var ikkje i tvil; alle representantane stemte for rådmannen sitt framlegg om å inngå kontrakt med Enivest AS om fiberutbygging i Vassenden, Svidal, Ålhus, Sandalen og Gjesdal/Sørsida.

Kommunen bidreg med 832.000 kroner i spleiselaget som totalt er kostnadsrekna til 5,6 millionar kroner. Grendelaga bidreg sterkt gjennom eigenbetaling og dugnad. Fylkeskommunen er og inne med midlar. I tillegg må kvar husstand betale anleggsbidrag, som varierer frå 1000 til 15 000 kroner etter kvar ein bur.

Forstår at det blir reagert på ulikskap

–Det er ulikskap, og det reagerer folk på. Eg forstår dei veldig godt og beklagar det veldig, seier ordførar Oddmund Klakegg. Han er særs imponert over dugnadsviljen og investeringsviljen til grendelaga i kommunen.

–Det som er beklageleg, er at det alltid er nokon som ligg utanfor streken der ein kan gje eit fornuftig tilbod på pris for å få gode fiberløysingar. No vil vi jobbe vidare med å søke om midlar til utbygging både i grendene Skrede, Håheim, Klakegg, Stardalen og Førs og nokre grender på Sørsida, seier Klakegg.

Artikkeltags