Ikkje skot eller kniv

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Veronica Heggheim Stegegjerde (22) omkom truleg av drukning, melder TV2

DEL

Den endelege obduksjonsrapporten er førebels ikkje klar, men ifølgje kjelder TV2 har tilgang til skal den førebelse rettsmedisinske rapporten vise at Veronica Heggheim Stegegjerde omkom av drukning.

Les også: Veronica er identifisert

Funnen etter tre veker

Stegegjerde vart meld sakna for tre veker sidan, og vart funnen omkommen i Barsnesfjorden fredag 14. november.

Les også: Har funne død kvinne i fjorden

Kroppen bærer preg av å ha lege lenge i vatnet, og det skal vere merke på kroppen som kan ha komme av å ha støtt mot steinar eller andre gjenstandar i vatnet, melder TV2. Ho var fullt påkledd då ho vart funnen.

Full etterforsking

– No er ettersøkarbeidet avslutta og vi står att med etterforsking som hovudtema knytt til saka. Så får vi sjå kva det gjev av svar vidare. Vi har samla og sikra mykje informasjon som vi vil beardeide og jobbe med, seier fugnerande regionlensmann Asle Karoliussen til VG

Noko av det politiet no må vinne svar på er kvifor Stegegjerde forlet heimen utan både mobiltelefon, bankkort og hunden sin.

Artikkeltags