- Ikkje på parti med naturen

Tage Erlend Tellnes og Nora Overvoll Ghaffari frå sentralstyret i Natur og Ungdom er i Solund for å prøve å overbevise dei folkevalde om kvifor det er positivt med vindmøller i Ytre Sula.

Tage Erlend Tellnes og Nora Overvoll Ghaffari frå sentralstyret i Natur og Ungdom er i Solund for å prøve å overbevise dei folkevalde om kvifor det er positivt med vindmøller i Ytre Sula. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Mange reagerer på Natur og Ungdom sitt ja til vindmøller i Solund. - Vi tenkjer på det beste for miljøet totalt sett, svarer organisasjonen.

DEL

Fredag gjekk Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane ut med ei støtteerklæring til utbygging av vindmøller i Ytre Sula i Solund.

Mange lesarar har reagert på dette, og meiner det er kritikkverdig av ein naturvernorganisasjon å ta ei slikt standpunkt.

- Natur og Ungdom er dessverre ikke på parti med naturen. De innbiller seg at vindkraft er god klimapolitikk. I virkeligheten løper de bare kapitalens ærende; gir legitimitet til prosjekter som ødelegger natur, generer inntekter til investorer/kraftverkseiere, men ikke løser et eneste miljøproblem, skriv Espen Dahl i kommentarfeltet under artikkelen på firda.no.

- Namnet Natur og Ungdom reknar eg med står for Ungdom for Natur. Dersom eg har rett, så lurer eg på om det ikkje også gjeld kystnaturen, skriv Kåre Hellenes.

Andre trekkjer inn det økonomiske perspektivet for Solund.

- Går utifra at alle som er imot vindkraft jubler den dagen det blir innført eiendomsskatt på alt og alle, penger må vi ha, også i Solund, skriv HarBon.

På oppdrag i Solund
Sentralstyremedlem Tage Erlend Tellnes i Natur og ungdom avviser kontant påstanden om at organisasjonen har gjort knefall for kapitalistiske interesser.

- Når vi vurderer planlagde vindmølleparkar, set vi naturverdiar opp mot klimavinsten, og vurderer kva som er det beste for miljøet totalt sett, seier Tellnes til firda.no.

Han er måndag i Solund med Nora Overvoll Ghaffari, som også er medlem av sentralstyret i Natur og Ungdom.

Her skal dei møte medlemmer frå dei politiske partia i kommunen og leggje fram sine argument for vindmøllepark.

Eitt ja og eitt nei
- Vi er positive til vindmøller i Ytre Sula. Når det gjeld planane for Ulvegreina er vi negative. Her må det gjerast ei betre kartlegging, og utgreiingsarbeidet er for dårleg, seier Tellnes.

I tillegg til å møte politikarane i kommunen, inviterer også Natur og Ungdom til ope møte i Solund måndag kveld.

- Folk vil ha vindkraft
Tysdag skal kommunestyret i Solund ta stilling til søknadene om vindmølleparkar i Solund.

- Vi håper at dei vil ta med innspela våre, og ikkje berre seie blankt nei til vinmøller. Vi treng meir fornybar energi i Norge, og folk vil ha vindkraft. Dei vil berre ikkje ha dei der dei bur, og det er synd, seier Tellnes.

Artikkeltags