Ikkje noko kriminelt bak uvanleg dødsfall

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Det var ingen kriminell handling bak det uventa dødsfallet som fann stad i Florø onsdag. Det stadfestar stasjonssjef Robert Veseth ved Florø politistasjon, til firdaposten.no.

Han legg til at politiet ikkje går ut med dødsårsaka offentleg.

40- åringen som døydde vart sendt til Gades institutt for obduksjon, og det var rapporten frå denne som vart klar fredag.

Det var omstendene rundt mannens dødsfall; det at han døydde åleine, og at dødsårsaka ikkje var openberr for politiet, samt mannens alder som gjorde at politiet etterforska saka som «eit mistenkeleg dødsfall» etter politiets terminologi.

Artikkeltags