Ikkje gløym ansvaret

held appell: Janne Helen Tømmervåg om det å vere barn og misbrukt og kva ansvar ein har som vaksne. foto: bent are Iversen

held appell: Janne Helen Tømmervåg om det å vere barn og misbrukt og kva ansvar ein har som vaksne. foto: bent are Iversen Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Førde: – Førebygging er det aller viktigaste, seier Janne Helen Tømmervåg som sjølv har vore utsett for overgrep.

DEL

Kvart år blir 50 000 barn seksuelt misbrukte. Janne Helen Tømmervåg er ei av dei. I kveld skal ho halde appell på Rådhusplassen i Førde klokka 18.

– Det tok meg 25 år å bli trudd. Etter mange politimeldingar, tok dei overgriparen inn til avhøyr og han innrømte det, seier Tømmervåg.

Tømmervåg blei seksuelt misbrukt av den seks år eldre broren, frå ho var fire år gammal. I 2011 blei han dømd. I januar flytta ho til Førde, frå heimstaden Kristiansund, vekk frå minna og snakket.

"Det er aldri barna sitt ansvar. Vaksne må seie ifrå.

Janne helen Tømmervåg

Offer for overgrep

Og kanskje aller viktigast: for å få ein ny start.

– Det var ingen trygg barndom. Eg fekk ikkje hjelp før 2009. I dag har eg det så godt eg kan, men det vil alltid vere med meg, uansett kvar eg flytter.

Tørre å gripe inn

Janne Helen Tømmervåg er brennande engasjert for barn sine rettar og kvar det eigentlege ansvaret ligg. Det er tredje året ho held appell, men for første gong i Sogn og Fjordane.

– Vaksne har eit ansvar for å sjå barna og stoppe overgrep. Det var vaksne i barndommen min som såg at eg trong hjelp, men ikkje turte å gripe inn. Slikt bør ikkje skje, seier ho.

Kampen for å bli trudd av venner og familie var tøff, men ho er utruleg glad ho aldri gav opp.

Meir førebygging

Tømmervåg ønsker det blei gjort meir rundt førebygging hos barn.

– Ofte skjer misbruket mellom barn og barn. Startar det i ung alder tar barnet det med seg inn i vaksenlivet. Meir førebygging i skulen og at vaksne tar meir ansvar, kan hindre mykje, seier Tømmervåg.

Ho påpeikar at skulane i dag gjer ein god jobb, og Senter mot Incest og Seksuelle Overgrep (SMISO) er flinke å informere, men andre typar overgrep og må snakkast om.

– Fysisk og psykisk vald gjer og store skader på barn. Vi som er vaksne må aldri gløyme det.

treng du hjelp?

Landsdekkande telefon for incest- og seksuelt misbrukte: 800 57 000

Artikkeltags