Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje eit regissert show

Artikkelen er over 16 år gammel

Landbruksdirektør Per Ingolv Nygård avviser at dette var eit regissert show. Han seier at ikkje alle kjem til orde i slike debattar med stram tidsramme, og at dei tek kritikken til etterretning.

-Det var avsett ei tid til paneldebatt. Mykje av tida gjekk til innlegg frå panelet. Det var denne gongen svært mange engasjerte menneske i salen, og det er mogeleg tida til å stille spørsmål vart for kort. Men dette er vanskeleg å føresjå når ein lagar programmet, seier Nygård.

Ingen lovnader om taletid

-Det var ingen som før møtet hadde fått lovnader om å få ordet. Korleis han som styrte debatten valde ut dei som fekk komme til orde kan eg ikkje svare på, seier Nygård.

-Hadde de utarbeidd ein strategi på kven som skulle få komme til?

-Nei, vi hadde ikkje avtalt noko slikt.

-Kva synst du om kritikken som er kommen?

-Den tek vi sjølvsagt til etterretning, seier Nygård.

Positivt med ungdom

-Eg synst det var veldig positivt at så mange unge stilte i panelet, og at dei kom til orde. Dette er viktig når vi snakkar om framtida, seier Nygård.

-Kva vil du gjere med rekninga du får frå Iversen?

- Det vil eg ikkje slå fast før eg har sett den. Men vi kjem uansett til å gje ei eller anna form for svar, lovar Nygård.

Han legg til at det nok er mogeleg å sjå i etterkant at det burde vore sett av meir tid til debatt.