I år kan du stemme på piratar og kristne

Trude Brosvik, Liv Signe Navarsete, Sveinung Rotevatn og  Vibeke Johnsen er nokre av toppkandidatane frå Sogn og Fjordane til stortingsvalet 9. september.

Trude Brosvik, Liv Signe Navarsete, Sveinung Rotevatn og Vibeke Johnsen er nokre av toppkandidatane frå Sogn og Fjordane til stortingsvalet 9. september. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Sjå kven som toppar stortingsvallistene i fylket

DEL

Innbyggarane i Sogn og Fjordane kan få 13 lister å velje mellom når dei går til valurnene i september i år.

Fylkesvalsstyret skal handsame og godkjenne dei innkomne listeframlegga innan 1. juni. Då vert det endeleg klart kva innbyggarane i fylket har å velje mellom på valdagane 8. og 9. september.

Det er to fleire listeframlegg i år enn ved førre stortingsval i 2009. Alle partia som stilte lister då er også med i år, og i tillegg har Piratpartiet og De Kristne Sogn og Fjordane sendt inn lister.

Dette er toppkandidatane frå Sogn og Fjordane til Stortingsvalet 9. september:

  • De Kristne: Magnar Hellesøy, Fjaler
  • Demokratene i Norge: Svein Otto Nilsen, Trondheim
  • Framstegspartiet: Frank Willy Djuvik, Florø
  • Høgre: Bjørn Lødemel, Hornindal
  • Kristeleg Folkeparti: Trude Brosvik, Gulen
  • Kystpartiet: Asbjørn Massnes, Høyanger
  • Miljøpartiet De Grønne: Tor Øyvind Vestby, Førde
  • Piratpartiet: Øyvind Nondal, Sogndal
  • Raudt: Ingunn Kandal, Høyanger
  • Senterpartiet: Liv Signe Navarsete, Lærdal
  • Arbeidarpartiet: Ingrid Heggø, Høyanger
  • Venstre: Sveinung Rotevatn, Nordfjordeid
  • Sosialistisk Venstreparti: Vibeke Johnsen, Sogndal

Sjå fullstendig liste på Sogn og Fjordane Fylkeskommune sine heimesider.

Artikkeltags