Hyttefamilien var ute ein tur

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Høyrde raset gjekk.

DEL

Rune Stubseid eig hytta som ligg like under rasplassen. Han og familien var på veg til hytta, då dei høyrde raset.

- Klart det er skremmande, uttaler Stubseid.

10 minutt unna

Stubseid, kona og sonen hadde vore på dagstur til Florø, og var berre kort unna Stongfjorden då raset skjedde.

- Vi kom til staden kl. 19.40, og raset skjedde 19.30.

Familien vart evakuert, og har i natt sove i ei sjøbu i sentrum.

50 lastebillass

Tysdag kveld og natt til onsdag har det rasa ned truleg minst 50 lastebillass (cirka 500 kubikk) med stein i fjellsida over fylkesveg 609 i Stongfjorden i Sunnfjord.

- Steinane ligg nokre hundre meter frå vegen på oppsida av den, så fylkesvegen mellom Askvoll og Førde har heile tida vore open for trafikk, seier Skule Jacobsen, kontrollingeniør i Statens vegvesen.

Les meir om utviklinga her.

Artikkeltags