Hundar tok høna til kvinne

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Sogn og Fjordane politidistrikt melder på loggen sin at to lause hundar har laga spetakkel på Slinde i Sogndal kommune i natt.

Hundane er tekne hand om av ho som varsla politiet, og ho har tjora skadegjerarane til ein traktor inntil eigar melder seg.

Hundane hadde drept ei høne, og stod og åt på den då kvinna kom over dei.

Artikkeltags