Hund sett i banken

Denne hunden vart passa på av Gustav Skaar i Sparebanken Sogn og Fjordane, etter at den  kom bort frå eigaren sin tysdag morgon. Hunden er no tilbake hos sin rette eigar.

Denne hunden vart passa på av Gustav Skaar i Sparebanken Sogn og Fjordane, etter at den kom bort frå eigaren sin tysdag morgon. Hunden er no tilbake hos sin rette eigar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Kom vekk frå eigaren.

DEL

Gustav Skaar var på veg til jobb i Sparebanken Sogn og Fjordane, og gjekk gjennom den nærliggande parken, då han oppdaga ein spesiell silhuett mot elvebreidda.

– Eg skvatt litt då eg såg det. Først trudde eg det var ein rev, men det viste seg å vere ein bortkommen hund, seier Skaar, som ikkje kunne sjå nokon eigar i nærleiken.

Han tok seg først ein runde i parken for å leite, og deretter ei runde til, men framleis var ingen eigar å sjå. Då såg han at hunden hadde band, og tenkte at hunden måtte vere på rømmen.

Etterlyste eigaren på Facebook

Skaar bestemte seg då for å ta hand om den fram til eigar dukka opp.

Han tok eit bilde av hunden og la det ut som ei etterlysing etter eigaren på Facebook og Instagram.

– Hadde det topp i banken

I mellomtida fortel Skaar at hunden hadde det heilt topp på bankbesøk.

– Han fekk to skiver av meg og la seg til å sove. Det såg ut som at han aldri hadde hatt det betre, seier Skaar og ler.

Men sjølv om hunden fann seg svært godt til rette i banken, og fekk mykje positiv merksemd frå kollegaene til Skaar, kunne ikkje hunden bli verande på kontoret.

Politiet vart dermed varsla, og tok hand om hunden fram til hundens eigar forhåpentlegvis blir spora opp. Då hadde hunden vore «bankkunde» i ein og ein halv time.

Tilbake til eigar

Førde og Naustdal lensmannskontor informerer om at hunden var sakna av eigaren, som missa hunden under ein luftetur i dag tidleg.

Hunden no er komen att til sin rettmessige eigar.

Artikkeltags