Humor-opera gav smekkfullt bygdehus

Den humoristiske operaframsyninga "Trylledrikken" som hadde premiere i Lifjorden i Hyllestad onsdag kveld, fekk strålande kritikk frå publikum. Frå venstre: Synnøve Authen, Kirsten Ryland, Jostein Ryland, Karl Hjelmeland, Astrid D. Løland, Oddvar Hatlem, Torbjørn Løland og Jens Christian Lundeland.

Den humoristiske operaframsyninga "Trylledrikken" som hadde premiere i Lifjorden i Hyllestad onsdag kveld, fekk strålande kritikk frå publikum. Frå venstre: Synnøve Authen, Kirsten Ryland, Jostein Ryland, Karl Hjelmeland, Astrid D. Løland, Oddvar Hatlem, Torbjørn Løland og Jens Christian Lundeland. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

- Vi har hatt mykje gauling her før, men aldri opera, seier entusiastiske publikummarar.

DEL

- Dette var fabelaktig! Dei var kjempedyktige. Eg er ingen operakjennar, men dette var flott musikk, mykje humor, og gjort veldig tilgjengeleg for folk, seier Karl Hjelmeland.

Saman med kring 91 andre sambygdingar frå heile Hyllestad, fekk han sjå den humoristiske operaframsyninga "Trylledrikken", som hadde premiere på framsyninga si i Lifjorden i Hyllestad, meir bestemt i Lifjorden bygdehus.

Opera på bygda

- Det er spesielt å oppleve dette her på Kleiva, og det er utruleg kjekt å få operaen ut på bygda. På bygdehuset er det vanlegvis heilt andre aktivitetar, seier Astrid D. Løland, før Jens Christian Lundeland skyt inn:

- Vi har aldri hatt opera her før, men det har vore mykje anna gauling, seier Lundeland, og opnar for eit latterbrøl frå dei andre.

Mykje latter kom det også frå salen under framsyninga, og det vesle bygdehuset som også var fylt til randen gav trampeklapp då stykket var ferdig.

- Det var utruleg gledeleg å sjå at det var fullt, hyggeleg å høyre at dei lo og hygga seg og hadde ei artig oppleving, seier Eivind Kandal (tenor), frå Kandal utanfor Sandane.

Lettfatta opera

Saman med Bernt Ola Volungholen (baryton), frå Vallset i Hedmark, utgjer dei gruppa "2for1", og i fleire år har dei arbeidd for å lage opera lettfatta og tilgjengeleg for folk, og "Trylledrikken" er eit slikt prosjekt.

Ein tanke med turneen er at dei skal halde framsyningar på heimstadene til alle i gruppa. Produsenten deira, Torstein Kollevag har slekt frå området, og difor la dei premiera hit.

Det at premieren i Lifjorden attpåtil gjekk for fulle hus, var svært gledeleg, fortel Kandal.

Mykje humor

- Litt av konseptet er å presentere opera slik at alle kan forstå det, seier tenoren, som fortel at dei lagar ein slags miks av revyhumor og opera.

- Vi vil vise at opera kan vere noko anna enn det ein ser i Bjørvika. Og det var kjekt å sjå at konseptet slo an i kveld, seier han.

Dei kommande dagane skal turneen vidare i Førde og Sandane, før dei reiser vidare til Ålesund, Hamar og Vallset.

Artikkeltags