Høyanger– Sande – Vadheim – Høyanger – Les om Timmie (3) si utrulege reise

Katten Timmy er no tilbake til eigar Beate Solheim.

Katten Timmy er no tilbake til eigar Beate Solheim. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

For tre månadar sidan forsvann katten Timmie (3) frå heimen sin i Høyanger. Då Timmie ikkje kom heim søkte matmor Beate Solheim etter pusen i både Firda og Ytre Sogn.

Trur på blindpassasjer

Etter ein månad fekk ho ei gladmelding: Eit ungt par på Sande i Gaular hadde hatt pusen gåande rundt huset sitt i nokre dagar. Ein sein kveld reiste Solheim til Vadheim for å få overlevert Timmie.

– Då vart han så redd at han stakk av igjen, fortel Solheim.

Korleis katten hadde komme seg frå Høyanger til Sande er uvisst.

– Eg vil tru han hadde komme seg inn i ein bil og sovna der. Det er ikkje godt å vite, spekulerer matmor.

Det trur også leiar i Norsk huskattforening Bodil Eikeset.

– Anten må han ha komme seg inn i ein bil, eller så har nokon tatt han med seg med vilje. Det høyrer vi også om dessverre, seier Eikeset.

Medan pusen har vore sakna, har Solheim fått tips om folk som trudde dei hadde sett han, men ingen konkrete meldingar.

Pus fann heim sjølv

Nesten to månadar etter Timmie stakk av i Vadheim, skjedde det utrulege. I går, tysdag, stod han plutseleg på trappa heime. Det var matfar som først høyrde at Timmie var utanfor.

– Han slapp han inn og ropte på meg. Eg fekk heilt sjokk då eg såg han. Det er veldig godt å få han heim, seier Solheim.

No trur matmor at Timmie har gått dei knappe 24 kilometerane frå Vadheim til Høyanger.

– Han er i storform, akkurat som før han forsvann, fortel ho.

Timmie har ikkje blitt skranglete av tremånadersturen, noko Solheim meiner vitnar om at han må ha fått mat på turen.

Det var ein selskapssjuk katt som kom heim i går.

– Han har vore litt redd og fresa litt til oss, men det er jo forståeleg. Han er kosete, seier matmor.

Bodil Eikeset seier at Timmie sin tur understrekar at kattar har stadssans.

– Dei har ein utruleg retningssans, men må ha ein del flaks også. Dei må treffe folk som matar dei. Den største faren er at dei kan bli påkøyrde. Det er det verste. Timmie har tilsynelatande hatt flaks, seier Eikeset.

Etter lange eskapadar skal Timmie no halde seg innandørs nokre dagar.

Artikkeltags