For andre året på rad blir Jølster Friluftsfestival arrangert denne helga. Festivalen gjekk av stabelen fredag kveld, med offisiell opning av ordføraren i Jølster, Oddmund Klakegg, før det unge talentet Åsleik Kapstad spelte musikk for publikum.

Friluftsguru Aleksander Gamme landa på stilfullt vis med fallskjerm ved baselokalet «Borgja» på Ålhus, der han heldt føredrag seinare på kvelden.

Deretter har ein i løpet av helga kunna delta på ulike aktivitetar, som rafting, kajakkpadling, ulike fjellturar, terrengsykling, klatring i klatretårn og fleire motivasjonsføredrag.

Hoppar med ski på vatnet

Ein populær aktivitet under friluftsfestivalen er skihopping ved Kjøsnesfjorden. Blant årets hopparar var mellom andre Jørn Inge Egge frå Skei i Jølster.

– Eg var med og såg på skihoppinga i fjor, og syntest det såg veldig artig ut, så i år fann eg ut at eg ville prøve det ut sjølv, seier Egge og held fram:

– Det var i grunn utruleg moro, og så var det mjukt og fint å lande.

– Korleis var temperaturen i vatnet då?

– Det er jo kaldt, men eg merka heldigvis ikkje noko til det, ettersom eg hadde drakt under. Det var berre forfriskande med eit bad som dette, seier Egge.

Han fortel vidare at det var god stemning, og mange folk som var ivrige og gira under skihoppinga, både store og små.

– No håpar eg berre at fleire folk ser kor spennande det er, og blir med neste år. Det er bra at nokon lagar til litt liv og røre, og eg meiner arrangement som dette, basert på sunn moro, er noko ein absolutt bør halde fram med og noko Sunnfjord treng, seier Egge.

Frakta snø med lastebil

Bak skihoppinga ved Kjøsnesfjorden står «Skifantomet» Olav Sægrov.

– Vi har drive med skihopping på Jølstravatnet sidan 2009, og dei siste to åra har det vore del av Jølster Friluftsfestival. I år har vi hatt rekordoppslutning, og fått mange gode tilbakemeldingar. Særleg borna ser ut til å kose seg stort, og vi har fått tilbakemeldingar på at mange synest det er utruleg artig å vere med på, seier Sægrov.

Snøen til skihoppinga har blitt frakta med lastebil frå Våtedalen til hoppet ved vasskanten i Kjøsnesfjorden, og Sægrov understrekar at tilbodet er tiltenkt heile familien.

– Det er eit såkalla lågterskeltilbod, for både ungar og vaksne, og her har vore god variasjon i hopparar, både med tanke på geografisk tilknyting og alder.

Sægrov er overbevist om at det er marknad for eit slikt konsept framover.

– Eg har trua på at dette er noko som folk ønskjer å ha, og ser at interessa aukar for kvart år.

– Mykje god stemning

Festivalleiar Janne Eikås er også godt nøgd med årets festival.

– Vi sit att med ei god kjensle etter årets festival, og har fått eit betre innblikk i kor eksotisk Sunnfjord faktisk er. Her har vore mykje god stemning, med god blanding mellom unge og vaksne og ein del tilreisande, seier Eikås.

Ho trur også det strålande vêret har gjort sitt, og lagt ekstra godt til rette for festivalen som baserer seg på opplevingar og aktivitetar ute i det fri.

– I fjor var vi ganske uheldige med vêret, men hadde likevel god oppslutning. Dei som er friluftsinteresserte plar ofte vere positive og aktive uavhengig av om vêret er dårleg, men det er klart vi ser at folk slappar meir av og kosar seg på ein annan måte når vêret er bra, seier Eikås.

Rafta for første gong

Festivalleiaren har sjølv testa ut eit par av aktivitetane.

– Det er nesten litt ille, eg har budd i Jølster i over 20 år, men har aldri prøvd rafting før eg vart utfordra no av eigarane av Jølster rafting. Det var ei heftig oppleving med svært god stemning, og frykta gjekk etterkvart over til å verte ein dans på elva, seier Eikås.

Ho fortel at dei har valt å starte i det små, men ønskjer å halde fram med friluftsfestivalen.

– Vi håpar at det skal verte ein Sunnfjord-festival for heile familien, både besteforeldre og barnebarn, men er då avhengige av at fleire ønskjer å vere med å arrangere. Etter to år ser vi at her absolutt er marknad for ein slik festival, og eg meiner dette er noko Sunnfjord treng, seier ho og legg til:

– Neste år er det friluftslivets år, og vi håpar å få dratt inn endå fleire folk og aktivitetar då.