– Homofile prestar er ikkje kristne

Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Umogleg å vere prest og skikkeleg kristen, meiner soknerådsmedlem.

DEL

– Homofile prestar er ikkje kristne, det går ikkje an, seier Gudmund Furnes(53) som meiner at det er mogleg å be for homofile for å snu legninga deira.

Kan omvende homofile

Forslaget om ny felles ekteskapslov provoserer Furnes som er soknerådsmedlem i Gaular og leiar i Sogn og Fjordane Indremisjon.

– Mange homofile har blitt fridd for legninga si og har blitt heterofile. Eg har høyrt om fleire tilfelle. Men dette er ikkje saker som til dømes VG og andre skriv om, dei vel å ikkje ta med slike typar saker.

– Meiner du at du kan be for homofile og omvende dei?

– På same måten som vi ber for andre kan vi også be for homofile. Det går ikkje an å vere homofil og kristen.

Provoserer kristne

Kva med homofile prestar?

– Dei er ikkje kristne, seier han og refererer til vers frå Bibelen.

– Du vil nok provosere homofile prestar no?

– Eg reknar ikkje med at eg provoserer dei meir enn dei provoserer oss, seier Furnes som er sterkt imot forslaget om felles ekteskapslov.

Heidenskap

– Ekteskapet er tufta på noko gudegitt og vi menneske skal ikkje tukle med det. Det er rett og slett heidenskap, seier Furnes og viser til fleire tekstar frå Bibelen om homofili.

Soknerådsmannen fortel at han har brei støtte frå bygdefolket og andre kjenningar i fylket og i landet elles.

– Tuklar med skaparverket

Lovforslaget om felles ekteskapslov inneber også at homofile skal få rett til å bli vurdert som adoptivforeldre og at lesbiske skal få same høve til assistert befruktning som heterofile.

Også dette er soknerådsmedlemmet sterkt imot og han argumenterer med at eit barn har krav på ein mor og far og at det slett ikkje er ein menneskerett å få born.

– To personar av same kjønn kan ikkje få barn same kor mykje dei prøver, slik er det berre. Det er slik vi er skapt.

– Men bør ikkje dei få hjelp til å få born gjennom adopsjon eller kunstig befruktning?

– Det blir å tukle med skaparverket. Det står i Bibelen at menn som ligg med menn ikkje skal arve Guds rike, og det gjeld då også lesbiske, seier han.

– Dyktige homofile

Han understrekar at han ikkje har noko imot homofile og at han ikkje har problem med å til dømes jobbe saman med homofile i jobben sin som trailersjåfør.

Men han stiller seg annleis til homofile i kristne jobbar og verv.

– Det finst berre ein prosent homofile i Norge og desse har gjort ein fantastisk god jobb med å jobbe gjennom felles ekteskapslov.

Dei kristne har ikkje vore dyktige sidan dei ikkje har greidd å motarbeide noko som eg ser på som utelukkande negativt, seier Gudmund Furnes.

Artikkeltags