Høgtlesing, paraplydans og ein mobil rullatorpeis

Håkon Eikerol hadde laga ein mobil peis og to skiferpeisar i høve teaterfestivalen. Den mobile peisen hadde han laga av ein varmtvasstank og ein rullator.

Håkon Eikerol hadde laga ein mobil peis og to skiferpeisar i høve teaterfestivalen. Den mobile peisen hadde han laga av ein varmtvasstank og ein rullator. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Fylkets første teaterfestival er i full gang.

DEL

I går var det offisiell opning av Teaterfestivalen i Fjaler. Klokka 17.00 hadde lokalbefolkninga og tilreisande teke turen til parken i Dale for å få med seg opningsseremonien.

Her fekk ein mellom anna med seg eit fargerikt dansenummer av ungdomsskuleelevar, høgtlesing frå dramatikar Maria Tryti Vennerød og opningstale av den påfuglkledde teatersjefen Terje Lyngstad. Temaet for festivalen er "Perifere forteljingar".

Frå fredag 4. oktober til måndag 7. oktober er det duka for ulike framsyningar som tek utgangspunkt i eit lokalt syn. Nokre av framsyningane som blir å finne er den dokumentariske musikalen "Nok ein same", det norsk/palestinske samarbeidsprosjektet "Point of you" og ein form for bygde-stand up kalla "The power of Glesbygd".

På rette staden

Teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, Terje Lyngstad, seier prosjektet er spanande, og meiner Fjaler har gode føresetnader til å arrangere ein slik festival.

– Det er like naturleg å arrangere teaterfestival på ein liten stad framfor i byane. I dette tilfellet trur eg faktisk det er betre å arrangere det i ei lita bygd, ettersom mykje av konseptet bak omhandlar nettopp bygdeperspektivet. Det er med andre ord veldig typisk for Sogn og Fjordane, seier Lyngstad.

Han understrekar at det allereie finst mykje god kunnskap i området, og trur det er grunnen til at festivalen syner så høgt nivå.

– Torkil og Miriam har teke initiativ til eit modig prosjekt. Dei tenker utradisjonelt og syner at gode lokale historier kan vere relevant i ein større samanheng. Det er veldig flott å sjå, seier teatersjefen.

Høg kompetanse

Vibeke Mohr og Yrjan Svarva er begge tilsette ved Kulturrådet. Dei er imponerte over det den vesle bygda har fått til, og var spente på kveldens arrangement.

– Vi var interesserte i å finne ut meir om teaterfestivalen, som Kulturrådet har vore med på å støtte. Det ligg eit interessant konsept bak festivalen, og det er spanande å ta del i den første festivaldagen, seier avdelingsdirektør ved kunst og kulturavdelinga, Vibeke Mohr, og seksjonsleiar for scenekunst, Yrjan Svarva.

Dei to er imponerte av det dei engasjerte eldsjelene har fått til, og seier satsinga på så mykje god scenekunst syner høg kompetanse på ein liten stad.

Stor dugnadsinnsats

– Vi har til no registrert 63 frivillige som bidreg til prosjektet, men truleg er talet endå høgre, seier produsent Ingrid Hansen.

Ho synest det er fantastisk å sjå at så mange stiller opp.

– Alt frå overnatting, transport frå flyplassen, matlaging, billettsal og opprydding er det frivillige personar som ordnar. Folk i Dale har tidlegare synt god dugnadsånd, og no viser dei det igjen. Det er vi utruleg takksame for, seier Hansen.

Artikkeltags