Høge odds på Navarsete

Liv Signe Navarsete fotografert ein sommardag på Fugleskjærskaia i Florø.

Liv Signe Navarsete fotografert ein sommardag på Fugleskjærskaia i Florø. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Mykje å hente om du set pengar på at Liv Signe Navarsete vert statsminister i 2013.

DEL

Hjå bookmakeren og speleselskapet Betsson er Høgre-leiar Erna Solberg no soleklar favoritt til å verte Norge neste statsminister, melder NTB. Samstundes har oddsa på Frp-formann Siv Jensen som statsminister aldri vore høgare enn i dag.

Sikre på borgarleg fleirtal

- Vi kjenner oss trygge på at det blir eit ikkje-raudgrønt flertall etter neste stortingsval, og nesten alle mulige scenarie vil då ende med Erna Solberg som statsminister.

Ho kan både bli statsminister for ei rein Høgre-regjering, for ei Høgre/Frp-regjering eller for ei sentrum/Høgre-regjering, og med dagens meiningsmålingar har ho ingen reelle utfordringar, seier sjef i Betsson Norge, Hans Martin Nakkim.

Gode odds

Skulle Erna Solberg bli ny statsminister etter 2013-valet, får oddsspillerne kun 1,55 gonger innsatsen attende i odds. Til samanlikning gjev Jens Stoltenberg 2,65 gonger i odds om han blir attvald som statsminister nok ei gong.

Frp sine problem, og det faktum at Høgre er nær dobbelt så stort som Frp, har ført til at ei rein Frp-regjering vert vurdert som lite truleg. Difor gjev Siv Jensen no heile 18 gonger innsatsen tilbake i odds om ho blir Norges neste statsminister. Ved å satse ein hundrelapp på Siv kan ein altså få 1800 kroner tilbake. Aldri før har oddsene til Siv Jensen som statsminister vore så høge hos Betsson.

Navarsete ingen kandidat

Blant dei andre partileirane vert ingen rekna som reelle statsministerutfordrarar, og dei gjev alle 100 gonger innsatsen tilbake i odds. Raudt-leiar Turid Thomassen står til heile 1000 i odds.

Betsson utelukkar heller ikkje at ein av partileiarane vil trekke seg før valet, og tilbyr difor 6,00 gonger innsatsen i odds på alternativet «Kandidat som ikkje står på lista». Det er spesielt sjansane for at Jens Stoltenberg kan overlate plassen til ein annan Ap-politikar, som gjer at oddsa for dette alternativet er langt betre enn for Siv Jensen som statsminister.

- Vi utelukkar ikkje at Jens Stoltenberg som eit siste desperat forsøkt på å vinne valet kan finne på å overlate statsministerposten til til dømes Trond Giske eller Jonas Gahr Støre, men vi trur likevel at sjølv det ikkje vil vere nok til å forhindre Erna Solberg frå å innta regjeringskontora i 2013 seier Nakkim til NTB.

Oversikten

Statsministerkandidat

Odds

Erna Solberg (H)

1,55

Jens Stoltenberg (Ap)

2,65

Kandidat som ikkje står på lista

6,00

Siv Jensen (FrP)

18,00

Knut Arild Hareide (KrF)

100,00

Kristin Halvorsen (SV)

100,00

Liv Signe Navarsete (Sp)

100,00

Trine Skei Grande (V)

100,00

Turid Thomassen (Raudt)

1000,00

Artikkeltags