– Eg nådde fram til henne. Ho var heilt slapp. Det var knallhardt å sjå at ho hadde det så vondt, fortel Morken til Firda. I går drog han ei kvinne ut på dyne av den brennande bustaden sin i Mølla.
- LES OGSÅ: Mor (24) og gut (1) kjempar for livet
LES OGSÅ: Mor og barn kritisk skadde
Instinkt
Han på jobb ved NAV Hjelpemiddelsentral i Førde saman med kollega Hogne Grimelid frå Kvammen. Plutseleg kom kollegaen Laila inn på verkstaden til dei to og sa at det brann i huset like ved. Då reagerte dei raskt, tok med seg brannsløkkingsapparat og la i veg.
– Vi kunne sjå flammane bak vindauget. Eg handla på instinkt. Saman klatra vi opp muren for å komme oss fram til bustaden frå oppsida av fylkesvegen. Det var heilt svart i røyk inne, og vi kunne ikkje sjå stort, fortel Morken.
Etter å ha ringt brannvesenet, tok Grimelid, som jobbar i brannvernet, seg inn i bustaden og tømde sløkkingsapparatet. Det dempa flammane. Han sprang ut for å trekkje luft. Då gjekk Morken inn. Han såg kvinna liggje på golvet.
– Eg hadde behov for luft sjølv, men ville ikkje gå ut att utan henne. Ho hang fast i ei dyne, og eg drog henne på denne ut, fortel Førde-mannen.
Kaos
På utsida hadde det samla seg mykje folk, det var full utrykking. Hogne Grimelid fortel at eit barn hadde blitt redda ut og var teken hand om av Jarl Løvik. Løvik sjølv låg i går på akuttmottaket på sentralsjukehuset og venta på behandling for røykskade.
Bjarne Morken var så fokusert på å hjelpe kvinna, at han ikkje la merke til alt som skjedde rundt han.
– Det var kaos, fortel han.
Ute passa han på kvinna. Dei hadde ringt ambulansen, og han la henne i stabilt sideleie, heldt handa under kinnet hennar, og passa på at ho heile tida pusta til ambulansen kom.
– Nei, eg kjenner meg ikkje som ein helt, men eg har nok redda ei kvinne i dag, det har eg nok, seier han.
Det har framleis ikkje gått opp for han, som samstundes rosar dei andre som hjelpte til, og viser mellom anna til kollega Grimelid.
Han gjorde ein viktig jobb då han gjekk inn og sløkte flammar, seier Bjarne Morken.
Det heile var svært kaotisk. Han kan ikkje stadfeste heilt sikkert at kvinna han hjelpe ut er kvinna på 24 år som no ligg på Haukeland universitetssjukehus saman med sonen på 20 månader.