Ho kan bli frontfiguren til solkjede

Til topps? Anette Noreide Grytten vann desemberkåringa til Miss Brun og Blid 2011.

Til topps? Anette Noreide Grytten vann desemberkåringa til Miss Brun og Blid 2011. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Anette er overvelda over kor mange stemmer ho fekk.

DEL

Anette Nordeide Grytten vann desemberkåringa i konkurransen Miss Brun og Blid 2011. Det opplyser solkjeda på eiga nettside og i ei pressemelding.

Legestudent

Den 26 år gamle jenta er legestudent busett i Oslo, men er frå Askvoll. No håpar ho at ho kan bli den neste frontfiguren til solkjeda.

– Eg vart overvelda over kor mange som engasjerte seg, og kor mange stemmer eg fekk, seier ho i pressemeldinga.

Ho seier ho har blikk kontakta av folk som er interesserte i å bruke henne som modell.

– Eg er midt i eksamenstida, og har ikkje fått sjekka ut moglegheitene enno, seier Nordeide Grytten.

26-åringen har stor interesse for mote og trendar, og er i gang med sitt femte år i utdanninga.

Kan få pryde plakatar

Resultatet av konkurransen får vi først til sommaren. Premien er 200 000 kroner samt modelloppdrag for Brun og Blid.

Det var 20 jenter som konkurrerte om den ledige desemberplassen, men Nordeide Grytten leia gjennom heile månaden, ifølgje solkjeda.

Artikkeltags