Hjortekalv delt i to av gaupe

Hjortekalven blei delt i to av det som mest truleg er ei gaupe, konstanterer Erik Flåten i Olden.

Hjortekalven blei delt i to av det som mest truleg er ei gaupe, konstanterer Erik Flåten i Olden. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Brå slutt på årets siste dag

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Hjortekalven fekk ein brå slutt på årets siste dag ved Sunde i Olden.

Delt i to

Gaupespor i snøen førte Steinar Sunde til ein kalv torsdag ettermiddag som fekk eit ublidt møte med ei gaupe. Sidan dyret framleis var mjukt, skjedde hendinga truleg om morgonene same dag.

Det var blitt observert gaupespor ei veke i forkant.

– Det var ein veldig liten kalv som var delt i to delar. Den var dekt med snø, fortel Sunde som ikkje har sett noko liknande før.

Matlager

Den fremste delen av kalven låg om lag 70 meter frå bakparten. Kadaveret låg på innmark, om lag 150 meter frå nærmaste hus.

– Gaupa drog den eine delen opp ein skogsveg og hadde tydelegvis planer om å leggje den i matlager, seier Oddvar Auflem i Olden.

Men det er ikkje første gong at gaupa har herja i området.

Observert fleire gonger

– Mange sauebønder i området har miste ein del dyr i løpet av sommaren, så det kan tyde på at gaupe har vore på ferde, seier nordfjordingen.

I fjor blei det observert gaupe i området og det har også blitt skote eit dyr.

– Alt tyder på at det er ei gaupe som har vore på ferde, konstaterer Erik Flåten som har tatt bileta av den delte hjortekalven.

Artikkeltags