Historisk båt i full fyr

Gamle Svanøy stod onsdag kveld i full fyr ved kai på Hasseløy i Haugesund.

Gamle Svanøy stod onsdag kveld i full fyr ved kai på Hasseløy i Haugesund. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Gamle Svanøy slukt av flammar onsdag kveld.

DEL

Båten MS «Svanøy» var ved 18-tida onsdag fullstendig overtent på Hasseløy i Haugesund.

Søsterskipet til MS «Atløy»
Veteranbåten var under restaurering av Haugaland Veteranbåtlag. Målet deira har vore å få MS «Svanøy» tilbakeført til 1925-drakt.

Båten var heilt overtent då brannvesenet kom til staden.

- Dekket og hytta på båten er totalskadd, elles var båten godt ribba for inventar ettersom den låg til restaurering, seier fagleiar for brann i Haugesund, Øystein Fonnes, til Haugesund Avis.

Skulle vere i mål i sommar
Like etter at brannen var meldt inn visste ikkje brannvesen eller politi om det var folk ombord i båten. Etter å ha søkt gjennom fartøyet, kunne dei konstatere at det ikkje var folk i båten.

- Det er ufatteleg trist og ei uverkeleg kjensle å stå her og sjå på den forbrente båten vi har brukt så mange dugnadstimar på. Vi hadde håp og tru på at vi ville bli ferdige til sommaren, seier leiar Carl Johan Høie i Haugaland Veteranbåtlag til Haugesund Avis.

Han reknar med at det som er av tre på båten har gått tapt i brannen, men trur at skroget og overbygget i stål ikkje er skadde.

Eigd av Fylkesbaatane i 47 år
«Svanøy» vart bygd ved Hauges Jernskibsbyggeri i Haugesund og levert til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i juni 1925.

I 1972 vart båten seld til Ålesund, og vart omdøypt til «Synøva». Etter nokre år vart båten seld til ein engelsk eigar, og enda etter kvart opp på Gibraltar.

Frå 1975 vart fartøyet brukt som losjiskip for nordafrikanske arbeidarar ved marinaen i Gibraltar.

I 2005 vart Gamle Svanøy seld til Havnedagene i Haugesund for ein symbolsk sum, og sidan våren 2005 har Haugaland Veteranbåtlag jobba for å klargjere båten til restaurering.

Artikkeltags