Ifølgje eit brev frå tidlegare kommunikasjonssjef Torvild Sveen i Senterpartiet, har Liv Signe Navarsete både mistenkeleggjort og overvaka Ola Borten Moe.

Sveen deltok i interne arbeidsutvalsmøte, sentralstyremøte og var også med Navarsete ute blant folk frå ho vart valt som partileiar i 2008.

Det er i eit brev til Sp sin valkomite, datert 12. mars i år, at han skildrar korleis Navarsete nærast frå første stund har svikta som leiar og late vere å fortelje sanninga om sentrale saker, skriv Dagens Næringsliv i dag.

Seier han måtte lyge

Sveen hevdar at han i blasfemisaka måtte lyge til eit samla pressekorps fordi Navarsete gav han ordre om det. I brevet som DN har fått tilgang til, skildrar Sveen vidare korleis Navarsete skal ha følgt Borten Moe med argusauge, og veit eit tilfelle forlangt godkjenning av eit manus for ein tale han skulle halde som olje- og energiminister.

– Når du møter partileiaren nokre gonger i veka, og veit at du eller dine motiv heile tida vert mistenkeleggjort og at handlingane dine vert overvaka, blir det heller trist å vere på jobb, skriv Sveen som ei forklaring på kvifor han trur Borten Moe ikkje tok attval til Stortinget.

Han legg til seinare i brevet at Navarsete brukte omtrent kvar einaste sjanse ho hadde til å skyte ned eller problematisere Borten Moe sine innspel.

Kjenner seg krenka

Navarsete er for tida sjukmeld. Partisekretær Knut M. Olsen seier Navarsete ikkje har kjent til brevet. Ho har ikkje svart på førespurnader frå avisene.

Terje Riis- Johannesen, som leia valkomiteen og støtta Borten Moe, vil heller ikkje kommentere innhaldet i brevet. Det vil heller ikkje Magnhild Meltveit Kleppa, som har vore ein av Navarsete sine støttespelarar.

Trygve Slagsvold Vedum ønskjer ikkje å kommentere saka. Sveen sjølv vil ikkje kommentere innhaldet eller motivet for at brevet blei skrive, og seier han er sjokkert over at DN har fått tak i det.

– Eg omtalar ikkje mine private brev til offentlegheita. Eg har sendt eit privat brev til valkomiteen, og eg tar det som ein grov krenking av meg at nokon har leke dette brevet til Dagens Næringsliv, seier Sveen til avisa.

Sp sitt ekstraordinære landsmøte skal måndag 7. april velje ny leiing. (ANB)