Her ville dei utvikle det verda aldri hadde fått til

TOMT: Om lag 2500 rutemeter industrilokale står no tomme på Tronvik på Kyrkjebø i Høyanger kommune. Firmaet som skulle starte produksjon der for 2 år sidan greidde ikkje å utvikle noko dei kunne selje.

TOMT: Om lag 2500 rutemeter industrilokale står no tomme på Tronvik på Kyrkjebø i Høyanger kommune. Firmaet som skulle starte produksjon der for 2 år sidan greidde ikkje å utvikle noko dei kunne selje. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Men no står det moderne industribygget heilt tomt

DEL

SIVA bygde eit moderne industribygg på 3500 rutemeter til eit firma som ikkje hadde noko å produsere. No har den siste tilsette sagt opp.

Cool Flame Technologies AS (CFT) skulle utvikle og starte produksjon av eit lydlaust aggregat, drive av ei brenselcelle som nyttar diesel som drivstoff. Det vert òg jobba med eit reinsesystem for eksos frå skipsmotorar. Produksjonen skulle starte i eit moderne industribygg som SIVA ferdigstilte i 2012 på Tronvik på Kyrkjebø i Høyanger kommune.

Har ikkje lukkast

Men CFT har ikkje lukkast med å utvikle eit kommersielt produkt som kunne føre til at det kom i gang produksjon, og om ei dryg veke - den 15. mai - sluttar den siste lokalt tilsette på Kyrkjebø.

– Vi prøvde å få til noko som ingen i verda har greidd tidlegare. Vi lukkast berre delevis, og la utviklinga av brenselscella – som eit kommersielt produkt – på is for 15 månader sidan. No prøver vi å ferdigutvikle eit system for å reinse avgassar frå skipsmotorar for partiklar, NOx (nitrogenoksid) og svovel, seier dagleg leiar Dag Øvrebø i Cool Flame Technologies AS (CFT) til Firda.

– Sidan vi framleis er i ein utviklingsfase og ikkje har eit produkt å selje, har vi ei sterk merksemd retta mot å redusere kostnadar, og når vår einaste tilsette i industribygget på Kyrkjebø har sagt opp stillinga si og sluttar, kjem vi ikkje til å erstatta han, seier Øvrebø.

Draumen som brast

CFT vart etablert i 2006, og i 2012 stod det SIVA-eigde bygget på 3500 rutemeter klart på Kyrkjebø. CFT flytta då inn med fire tilsette, som etter planen skulle auke til 20, for til slutt å kome opp i 60–80 tilsette.

Slik gjekk det ikkje. I oktober i fjor sa CFT opp tre av dei fire tilsette på Kyrkjebø, og no har altså òg den siste lokalt tilsette sagt opp. Vedkomande – som er sivil­ingeniør – sluttar 15. mai for å byrje i nytt arbeid ved Hydros elektrolyse- og metallverk i Høyanger.

CFT har per i dag berre tre tilsette medrekna Dag Øvrebø, og alle held til i Porsgrunn.

Ser framover

– Er de langt frå å lykkast, og kor lenge kan de drive utan inntekter?

– Det er umogeleg å svare på. Så lenge investorane har tru på oss og går inn med meir pengar, ser vi framover og jobbar for å lykkast med det vi driv med, seier Øvrebø som syner til ein prototype for eksosreinsing installert på bilferja Selje som går i mellom Dragsvik-Hella-Vangsnes i Sogn. Men den har heller ikkje fungert som venta.

– Vi er optimistiske og trur vi skal lukkast, men innovasjon tek tid. Vi jobbar framleis for å få patentet til å fungere tilfredsstillande, og målet har heile tida vore – og er framleis – å skape nye arbeidsplassar i Høyanger.

Vil ut av kontrakten

Ifølgje Øvrebø går den 5-årige leigekontrakten med SIVA førebels som i dag, men Øvrebø legg ikkje skjul på at dei har eit sterkt ønskje om å bli løyst frå kontrakten.

– No leiger vi ein tredjedel av bygget på Tronvik, og leiga er redusert tilsvarande. Men slik situasjonen til CFT er per i dag, har vi ikkje bruk for å leige dette bygget. Vi har nok med bygget vi held til i i Porsgrunn.

– Vert det nokosinne produksjon på Tronvik dersom de lukkast med å utvikle eit kommersielt produkt?

– Det kan eg ikkje svare på, avsluttar Øvrebø.

SIVA taper pengar på CFT

– Når Cool Flame Techno­logies (CFT) berre betaler for ein tredjepart av bygget på Tronvik, seier det seg sjølv at SIVA ikkje får dekka utlegga sine, seier rådgjevar Jørgen Andersen i SIVAfjorden Eiendom AS til Firda.

– Kor vanleg er det at SIVA byggjer eit bygg til eit firma som ikkje har noko å produsere?

– I den tida eg har jobba i SIVA kjenner eg ikkje til liknande tilfelle. Det er særs uvanleg at vi byggjer eit stort, nytt næringsbygg, og så får firmaet som skal på plass der problem før dei rekk å flytte inn.

– Korleis kommenterer du at CFT vil ut av kontrakten?

– SIVAs dilemma kan fort bli at dersom vi ikkje løyser eit firma frå kontrakten, kan firmaet kanskje hamne i skifteretten. Ut frå SIVAs mandat skal vi hjelpe til med å få til næringsutvikling, spesielt i distrikta.

– Kor lett trur du det blir å få inn nye leigetakarar i bygget?

– Det trur eg ikkje blir lett. Vi har lenge hatt følarar ute. Det er òg andre ledige næringsareal i Høyanger kommune, og det er ikkje lett å trekkje til seg nye verksemder, avsluttar Jørgen Andersen.

Håpar på nye leigetakarar

Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) og næringssjef Terje Søreide har von om at andre næringsdrivande skal kome på plass på Tronvik.

­–Som ordførar og tidlegare næringssjef i Høyanger kommune er det vedmodig å sjå at bygget står her utan liv, seier Petter Sortland til Firda.

Sortland seier både kommunen og Høyanger Næringsutvikling, pluss alle andre som har investert i CFT, har hatt tru på prosjektet, og at dei har venta i fleire år på eit gjennombrot for patentane CFT har jobba med.

– Eg er skuffa og lei meg for at det ser ut som om CFT ikkje lukkast, og vi må berre innsjå at tida er inne for å sjå etter andre leigetakarar til dette fantastiske bygget her ute på Kyrkjebø, seier Sortland, som vedgår at dei både har undervurdert tida og kapitalen som trengst for å drive innovasjon og utvikle banebrytande ny teknologi.

– Per i dag har vi ingen konkrete interessentar som vil leige heile eller deler av bygget, men i samarbeid SIVA lyser vi det no ut til mogelege leigetakarar. Målet er å få på til lønsam aktivitet, og eg trur kommunen har god sjanse til å lykkast, avsluttar næringssjef Terje Søreide.

Artikkeltags