Gå til sidens hovedinnhold

Her jaktar Vetle på flått

Artikkelen er over 8 år gammel

Marinbiolog Vetle Stigum er i fylket for å jakte på flått, og denne veka var han på jakt i Jølster. Sjå video.

Flåttjakta inngår i eit forskingsprosjekt som skal kartlegge kor viktige smågnagarar er som vert for flått, og kor stor del av flåtten som er berarar av farlege sjukdommar for dyr og menneske.

- I første rekke vil vi vite meir om korleis flåtten påverkar hjorten og omvendt, seier professor Atle Mysterud ved Institutt for biovitskap på Universitetet i Oslo.

Han er ekspert på hjort og prosjektleiar for flåttjakta.

På jakt med handkle

Flåttjegeren Vetle Stigum stryk eit kvitt handkle langs graset, i eit fastlagt mønster på førehandsbestemte stader.

Frottéhandkledet er ypparleg for å lokke fram flåtten, som sit i graset og ventar på at nokon skal komme forbi. Når dei vert berørte, hoppar dei små edderkoppdyra fram og hektar seg på plagget eller hårdrakta på den tilfeldig forbipasserande.

- Kan vere tusenvis i klynge

- Det er rein lotto. Nokre gonger kan vi finne hundrevis, andre gonger er det fullstendig fritt. Der vi kjem over flåttlarvar, kan det vere tusenvis i ei klynge. Larvene ser nett ut som dei store, men dei er mykje mindre og har berre seks bein, seier Stigum.

I Jølster denne maidagen fann han ikkje ein einaste flått, trass i hundrevis av sveip med det kvite flagget.

På ein tur i Florø for eit par dagar sidan fann marinbiologen fleire hundre flåttar på eit lite område, og tallause larver.

Kommentarer til denne saken