Her jaktar dei jerven

Jerven vart felt frå lufta torsdag i Luster i Sogn. Den er truleg ung, og var 13,5 kilo tung.

Jerven vart felt frå lufta torsdag i Luster i Sogn. Den er truleg ung, og var 13,5 kilo tung. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Skoten med innsovningspil frå helikopter.

DEL

Det var ein ung hann som vart felt torsdag i Luster i Sogn. Den vog 13,5 kilo, og vart felt frå lufta.

Bedøvelse

– Vi skyt ei pil i dyret frå helikopter. Pilen inneheld innsovningsmiddel. Dersom det er ei tispe, prøver vi også å finne hiet og eventuelle kvelpar, seier Rein-Arne Golt, regionalt rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, til bt.no.

Vil redusere bestanden

Årsaka til at dei felte jerven er at dei ønskjer å redusere jervebestanden for å hindre skade på beitedyr.

– Vi er nå inne i ynglingsperioden for jerv, og det kompliserer uttaket. Derfor bruker vi bedøvelsepil, for å kunne sjekke kjønnet på dyret når det er bedøvd. Løyve er gjeve av Direktoratet for naturforvaltning, seier Golt.

Statens naturoppsyn vart varsla av folk i Luster om at jerv hadde kryssa mellom Bresenteret og Fåberg i Jostedalen, før dei spora opp jerven og avliva den.

Artikkeltags