Til saman får ulike lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane 2.883.110 kroner frå grasrotandelen til Norsk Tipping.

Det laget som får mest er idrettslaget Høyang i Høyanger. Dei frå for dei fire første månadene i år 75.932 kroner. Også andre idrettslag rundt om i kommunane tener godt på ordninga. Førde idrettslag får 53.861 kroner, og Florø sportsklubb får 42.679 kroner.

Årdal får mest

Den kommunen som får mest frå grasrotandelen totalt sett er Årdal. Ulike lag og organisasjonar i kommunen får til saman 355.965 kroner. Årdal skil seg også ut med at det ikkje er idretten som får mest. 75.714 kroner går frå grasrotandelen til Bjørn Moen minnefond. Også Norsk Folkehjelp har stor støtte blant tipparane i bygda, og får vel 51.000 kroner, det same som Årdal fotball.

Dette får dei

I vårt område ser det ut til å vere ein trend at dei største idrettslaga i kommunen får mest, og at Røde Kors og andre hjelpeorganisasjonar også kjem godt ut.

Nedanfor ei liste der totalbeløpet for det alle laga og organisasjonane i kommunen er teke med. Dei to laga/organisasjonane som får mest er også tekne med.

Askvoll: Totalt 95.951

Atløy idrettslag: 15.091

Askvoll og Holmedal idrettslag: 14.176

Fjaler: Totalt 49.366

Dale idrettslag: 10.007

Do re mi barnekor: 5.135

Flora: Totalt 260.590

Flora Sportsklubb: 42.679

Eikefjord idrettslag: 31.445

Førde: Totalt 230.420

Førde idrettslag: 53.861

Dyrebeskyttelsen: 37.155

Gaular: Totalt 62.108

Gaular idrettslag: 30.078

Viksdalen idrettslag: 8.554

Gloppen: Totalt 101.823

Breimsbygda Il: 27.485

Sandane turn og idrettslag: 13.997

Gulen: Totalt 62.899

Dalsøyra idrettslag: 6.053

Eivindvik idrettslag: 5.480

Hyllestad: Totalt: 29.808

Hyllestad idrettslag: 12.658

Åjforddal Ungdomslag: 3.666

Høyanger: Totalt 202.114

Idrettslaget Høyang: 75.932

Høyanger jakt og fiskelag: 18.413

Jølster: Totalt 58.419

Jølster idrettslag: 22.577

Sunnfjord golfklubb: 6.887

Naustdal: Totalt 54.944

Tambarskjelvar idrettslag: 24.432

Kvellestad velforeining: 6.698

Solund: Totalt 16.214

Solund Il: 4.017

Solund skyttarlag: 3.340