Her får dei klar beskjed

Nokon har sett seg leie av lite aktivitet langs E39 ved Movatnet i Førde.

Nokon har sett seg leie av lite aktivitet langs E39 ved Movatnet i Førde. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Langs E39 ved Movatnet i Førde kommune, har det ei stund stått varselskilt med teksten «Rekkverk mangler», på deler av vegstykket.

No er det tydeleg at nokon er misfornøgde med progresjonen til dei som har ansvar for vegen.

Over ordet «rekkverk» har det blitt bora fast ein treplanke med påskrifta «arbeidslyst». Dermed har skilta no fått ei heilt anna tyding enn det som var utgangspunktet.

På begge sider av strekninga står det no «Arbeidslyst mangler» på varselsskilta.

Så får vi sjå kor lenge skilta får stå før Statens vegvesen gjer noko med dei.

Artikkeltags