Her er landets beste campingplass

? Veldig kjekt og overraskande, seier Kristin Sindre Bjørkelo som driv Byrkjelo camping saman med mannen Anders Bjørkelo. Arkivfoto.

? Veldig kjekt og overraskande, seier Kristin Sindre Bjørkelo som driv Byrkjelo camping saman med mannen Anders Bjørkelo. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

– Denne prisen heng veldig høgt

DEL

Byrkjelo camping er kåra til landets beste campingplass av Norsk Caravan Club.

- Oppmuntrande

– Veldig kjekt og overraskande, seier Kristin Sindre Bjørkelo som driv campingplassen saman med mannen Anders Bjørkelo.

Den offisielle kåringa finn stad i mai, men ekteparet har allereie no fått den gode nyhenda.

– Vi blir veldig glade og oppmuntra til å halde fram og jobbe vidare, fortel Sindre Bjørkelo og legg til:

– Og sjølvsagt er dette veldig god reklame for oss, seier ho.

Hard konkurranse

– Denne prisen heng veldig høgt og konkurransen er stor, seier Atle Hoffseth, fagsjef i norsk Caravan Club, og han grunngir topplasseringa slik:

– Byrkjelo framstår som ein ryddig og fin plass. Her er det koseleg å komme. Men dei har hatt hard konkurranse, så det er godt gjort, seier fagsjefen.

Fleire kriterium ligg til grunn for å gå til topps i kåringa som starta i 1999 og inspektørar reiser landet rundt til dei om lag 90 campingplassane som er knytt til konseptet Topp camping.

Tidlegare har Olderelv Camping i Olden og Lærdal Ferie og Fritidspark fått utmerkinga.

Satsar på storinnrykk

Det er fleire kriterium for å vere med i konseptet og no for tida er altså 90 campingplassar inne.

– Mellom anna ser vi på kor flinke campingplasseigarane er til å utvikle det dei har, korleis det ser ut, og korleis beteninga møter gjestene sine, seier Hoffseth og legg til at campingplassen kjem til å få mykje omtale som dei vil nyte godt av.

Byrkjelo camping, som har 75 campingplassar og ti hytter, håper dei no får storinnrykk til sommaren.

– Ja, vi satsar på mange gjester og på veldig, veldig fint vêr, seier ei strålande blid Kristin Sindre Bjørkelo.

Artikkeltags