- Det var eigentleg ei utfordring frå mor mi. Ho ønskja seg eit artig motiv til julekorta i desember, fortel Torhild M. Hansen til Firda Nett om bakgrunnen for at ho har lært hunden sin Zanto opp til å stå på langrennski.

- Gradvis prosess

Utfordringa vart tatt, og i fjor haust begynte Torhild og Zanto å trene saman mot målet. Til jul skulle den firbeinte kunne stå beint opp- og ned i beste Petter Northug-stil.

- Vi har limt på ull under skia, slik at dei ikkje skal bevege seg framover. Elles har eg hjelpt godt til undervegs ved å støtte han opp og hjelpe til med å halde stavane oppreist. Etter kvart heldt han først ein stav på eiga hand, og seinare begge to, seier Torhild.

Men målet rakk dei ikkje.

- Nei, vi kom nok litt seint i gang. Julekortet vart det ikkje noko av. Men 1. februar var vi der, som de kan sjå på bildet, ler Torhild.

- Han kan mange tulleting

Matmor Torhild er busett i Hyllestad kommune i ytre Sogn. Ho har gjeve ut i alt åtte bøker relatert til hundestoff. Dei fleste barnebøker, samt nokre fullverdige fagbøker om hund.

- Zanto er ein herleg gutt, og dette er ikkje det einaste uvanlege han kan. Han går på to, hoppar gjennom ringar og ryddar i bøtter. Han kan masse tulleting, seier Torhild entusiastisk.

Også hunden, ein grå storpuddel på snart sju år, har bidrege i forfattarskapen.

- Han og kompisen Robin har hatt hovudrollene i fleire av barnebøkene. No er det dessverre berre Zanto att, sidan den andre døydde i fjor, seier ho.

Torhild M. Hansen har også lagt ut videoklipp på YouTube, der vi får sjå hundane Zanto og Robin gjere ulike triks. Det er ingen videoklipp som viser Zanto stå på ski, men vi får sjå andre situasjonar.

Her kan du sjå eit av videoklippa på YouTube.