Her er bjørnelabben som skremde livet av folk

Ein bjørnelabb i tre laga spor som skremde folk.

Ein bjørnelabb i tre laga spor som skremde folk. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel
DEL

Då bjørneoppstyret herja Sunnfjord og Sogn i Sommar, ville Arne Sæle frå Sande i Gaular gi bygda noko å snakke om.

Laga spor

Denne falske bjørnelabben har han laga sjølv, og vart brukt til å lage «bjørnespor» på ein populær tursti i Gaular tidlegare i sommar.

Eit par kvinner og ei skuleklasse vart livredde då dei trudde bjørnen var i nærleiken. Den nemnde skuleklassa var på telttur, men var raske til å pakke saman og reise.

Tek det med humor

– Eg hadde aldri trudd det ville bli så mykje oppstyr kring saka, seier Sæle til Firda.

Han trur likevel at dei fleste ler av det heile no. Bjørnelabben vert stilt ut på Gaularmarknaden til helga.

Den omtalte og ekte bjørnen vart skoten i Fjærland seinare på sommaren.

Artikkeltags