Her blir Kristian lurt trill rundt

Ser du at denne hjorten ikkje er i live? Det gjorde ikkje Kristian Myrmel heller på litt avstand og plaffa laus. No lover han lattermild at spøken får følgjer.

Ser du at denne hjorten ikkje er i live? Det gjorde ikkje Kristian Myrmel heller på litt avstand og plaffa laus. No lover han lattermild at spøken får følgjer. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Men ser du kvifor når du studerer dette biletet? - Eg lovar hemn, flirer lurt hjortejeger

DEL

– Eg skjønte at noko var gale då eg såg at hjorten var grøn i auga og låg like dønn stille etter at eg hadde skote den i nakken, flirer Kristian Myrmel som nyleg blei lurt trill rundt under ein jakttur.

- Alt stemte litt for perfekt

For alt stemte så utruleg godt då han under snikjakt nyleg kom over ein flott bukk som låg i lyngen, heilt bom stille.

– Alt stemte perfekt. Kanskje litt for perfekt, så varselklokkene burde kanskje ringe allereie då, seier 29- åringen som var fem meter unna hjorten under jakturen mellom Nos og Hatlebrekke i førre veke.

Sidan han har opplevd før at hjort har komme unna fordi dei ligg i lyngen og trykkjer, så ville han denne gongen sikre seg dyret.

Låg like stille

Han sjekka først at han hadde klar bakgrunn før han sikta velretta på bukken – skaut- men overraskande nok kunne sjå dyret låg like stille og roleg i lyngen.

– Så før krutrøyken hadde lagt seg, forstod eg at her var det noko som ikkje var heilt bra, flirer Myrmel, som understrekar at alle skot under jakt er nøye overvegd.

Stokk daud for 2 veker sidan

For hjorten, som hadde lege ute i lyngen i fjorten dagar, var nemleg stokk daud for lengst. Den blei nemleg påkøyrd i Gaular to veker tidlegare. Svein Oddvar Sæterlid og hans kompanjong i ettersøksringen, Frode Skeide, skjønte nemleg under flåinga av dyret at her kunne det liggje ein god spøk.

- Eg sa til Svein at her hadde vi ein moglegheit til å lure Kristian, flirer Skeide, som også er prest i Gaular.

Har venta på lureri i fleire år

For nokren år sidan blei han nemleg lurt godt under hjortejakt. Myrmel sneik seg nemleg opp i skogen, trakka rundt, brølte så grovt han berre kunne og fekk Skeide og ein kamerat til å tru at det var ein svær, brølande bukk på veg.

- Så eg har venta på eit høve til å lure han tilbake i eit par år no, seier ein lattermild Skeide.

Bjørnelureri fekk smake eigen medisin

Og ikkje minst såg Skeide og Sæterlid sitt snitt til å lure Myrmel og ein heil gjeng som for nokren år sidan lurte heile Gaular med falske bjørnespor.

– Så vi gjekk opp ein kveld i området der karane pleier å gå på jakt, tok av hjortehovudet på det daude dyret, putta det på ein staur, tok noko av skinnet og putta einer under. Så danderte vi det til i lyngen slik at det såg ut til at den låg fint til, seier Sæterlid, vel vitande om at hjorten blei liggjande i eit jaktterreng der gjengen ofte går på jakt.

– Vi la verkeleg sjela i det. Og du kan tru vi lo godt medan vi jobba med dette, flirer Sæterlid.

– Vi la dyret til i perfekt skyteposisjon slik at det var ein for god sjanse til å la gå ifrå seg, legg Skeide til:

– Dyret såg så levande ut at eg sjølv også hadde skote på det, seier han.

- Der fekk eg att for å lure presten

Og slik skulle det også gå- men litt seinare enn dei to karane hadde rekna med. For først etter to veker kom Kristian Myrmel over dyret under snikjakt og såg sitt snitt til å skyte den flotte bukken.

Overraskande nok fekk dyret liggje i fred for åtseletarar desse vekene– og for andre ivrige jegerar.

– Min første reaksjon etter at eg hadde skote dyret? Eg måtte le, rett og slett, seier Myrmel.

– Der fekk eg att for å lure presten, tenkte eg.

Dei to karane hadde til og med festa øyrene til hjorten med ståltråd slik at dei skulle stå opp.

- For hadde dei ikkje gjort det, hadde eg skjønt med ein gong at dyret ikkje levde. Så dei har verkeleg tenkt på alt, seier Myrmel.

Gjengangar med jaktspøkar

Og telefonen til dei to karane som stod bak spøken, kom bra raskt etterpå.

– Eg såg for meg at dei låg i lyngen og lo så dei heldt på å drepe seg, flirer Myrmel som har gått på jakt i ti år.

– Men ein slik spøk må eg sjølvsagt berre tole, for det skal seiast at eg har lurt ein del folk sjølv, ler 29- åringen og fortel at det er ein gjengangar i bygda med slike jaktspøkar.

– Ein gong plasserte eg ein plastrev ute på bøen som eg lurte onkelen min med. Han skaut to gonger før han skjønte at det var tull.

Lovar hemn

Myrmel lovar at hjortespøken ikkje går i gløymeboka.

– Dei kan nok vente seg hemn, men det blir vanskeleg å toppe denne her, ler 29- åringen, som sjølvsagt ikkje røper korleis han har tenkt å lure dei to karane tilbake.

Artikkeltags