Gå til sidens hovedinnhold

– Helse Førde torpederer legevaktsamarbeidet

Artikkelen er over 12 år gammel

Ordførarar frustrerte over føreslegne ambulansekutt.

Administrasjonen i Helse Førde foreslår å ta bort ambulansar i fleire kommunar og leggje ned ambulansestasjonar i Jølster og i Lavik. Framlegget som er ein del av Helse Førdes nye sparepakke på 32,7 mill kroner, kan føre til at legevaktsamarbeidet i Sunnfjord og Ytre Sogn raknar før det har kome i gang.

– Dette rokkar ved tryggleiken. Eg er sterkt i tvil om vi i det heile kan gå for legevaktsamarbeidet, sa Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal (Sp) då adm. dir. Jon Bolstad la fram lista over sparetiltak.

Styret i helseføretaket skal ta stilling til spareplanen fredag.

Raknar

Også Hyllestad-ordførar Tore Bråstad (Sp) reagerte sterkt:

– Heile legevaktsamarbeidet raknar. Det er eit paradoks at Helse Førde ikkje får selje sjukehusbygget i Florø, og må rasere ambulansetilbodet i distrikta i staden, sa Bråstad.

Forsikringar frå fagfolka i Helse Førde om at ambulanseteneste uansett vil vere gode, var ikkje nok til å roe dei frustrerte ordførarane.

Leiaren for prosjektgruppa som har førebudd legevaktsamarbeidet, Helge Ulvestad, seier det er særs uheldig at framlegget om ambulansekutt kjem nett i det samarbeidet om nytt og stort legevaktdistrikt skal vedtakast i kommunane og setjast i drift.

Råkar born og eldre

Ambulansekutta vart det klart mest omstridde punktet under presentasjonen av framlegget til spareplan måndag føremiddag.

Den omstridde samanslåinga av gynekologisk og kirurgisk avdeling ved Sentralsjukehuset blir ikkje føreslegen. Men spareplanen inneheld fleire kutt som råkar tenestene til svake grupper som born og eldre.

Mellom anna blir det ut frå reine spareomsyn føreslege å leggje ned geriatrisk team. To stillingar som psykolog og spesialpedagog skal haldast vakante. Dette vil svekkje Helse Førdes tilbod innanfor barnehabilitering.