Heiste flagget for ny tunnel

Ordførar i Fjaler, Arve Helle (t.v.), fylkesordførar Åshild Kjelsnes, og avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Nils Magne Slinde, opna Nishammartunnelen fredag.

Ordførar i Fjaler, Arve Helle (t.v.), fylkesordførar Åshild Kjelsnes, og avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Nils Magne Slinde, opna Nishammartunnelen fredag. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Ventetida endeleg over.

DEL

Fredag var det klart for opning av Nishammartunnelen i Dale. Både små og store hadde møtt opp i samband med opninga, og fleire heiste flagget til topps for å markere at den lange ventetida har nådd slutten.

Viktig del av rassikringa

Tunnelen, som er ein viktig og nødvendig del av Dalsfjordsambandet, vart under opninga også presentert som ein viktig del av rassikringsarbeidet i fylket.

– Dette er den mest rasutsette plassen i samband med veg i heile fylket, og er difor ein viktig del av rassikringa i Sogn og Fjordane, seier Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Også ny veg

Saman med fylkesordførar Åshild Kjelsnes og ordførar i Fjaler, Arve Helle, opna han tunnelen til stor glede frå dei frammøtte.

Sjølve tunnelen er 1,8 kilometer lang og inne i fjellet er det ei rundkøyring som skal binde saman vegen frå Askvoll, vegen til Førde og vegen til Dale sentrum. I tillegg til tunnelen er det ny veg både mot Førde og Dale, som gir ein total lenge på 2,6 kilometer med ny veg og tunnel.

Artikkeltags