Heimlause kattar er eit stort problem

Ove Myrmel frå dyrebeskyttelsen med dei fire heimlause kattane.

Ove Myrmel frå dyrebeskyttelsen med dei fire heimlause kattane. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Dyebeskyttelsen Norge, Sogn og Fjordane oppfordrar folk til å kastrere kattane sine.

DEL

I går kveld og i løpet av natta vart tre kattungar og kattemora fanga på ein eigedom i Førde.

Huseigarane hadde fått lånt nokre feller for å få den framande kattefamilien vekk ifrå eigendomen.

No er kattane teke hand om av Dyrebeskyttelsen.

Katteeigar har ei plikt

Ove Myrmel som representerer Dyrebeskyttelsen Norge, Sogn og Fjordane, seier det er eit stort dyrevernproblem når det gjeld kattar.

– Problemet er det katteeigarane som er skuld i. Huseigar i dette tilfellet, opptredde rett og ansvarsfullt og vi har lenge vore i dialog med dei om korleis vi skal løyse det her.

Når ein skaffar seg katt, eller anna kjæledyr, er det eigaren si plikt å ta seg av det, meiner Myrmel. Men stadig fleire kattar vert observert utan heim.

– Dette skapar masse arbeid for dyrebeskyttelsen og ikkje minst masse frustrasjon for huseigarar som får eigendomen invadert av kattar. Problemet kan berre løysast ved at dei som skaffar seg kattar, tek vare på dei og i tillegg kastrerer/steriliserer dei.

Sky og sjuke

No står det att å vurdere tamheitsgrada til kattane og finne ut om dei egna seg til omplassering.

– Dersom dei ikkje er handtert frå rimeleg ung alder, vil dei vere sky resten av livet.

Kattane vil og få ein veterinærkontroll.

– Kattar som har vore utan tilsyn og stell, vert ramma av mykje sjukdom, fortel Myrmel.

Han nemner FIV, som er forstadiet til katteaids, som det har vore mange tilfelle av i Førde og elles i fylket.

Desse kattane vil lide ei grufull avslutning med betydeleg mykje sjukdom.

– I tillegg kan dei ha både innvolsorm, øyremidd og lus. Går katten med desse plogane over lang tid, gir det dårleg livskvalitet til katten og tappar han for både energi og krefter, seier Myrmel.

– Vi i Dyrebeskyttelsen er veldig frustrerte over at det er vi som heile tida må prøve å hjelpe så godt vi kan. Da gjer vi eigentleg arbeidet til den som eig katten.

Vil ha merkekrav

For to år tilbake var dei veldig optimistiske då det var nær ved å bli innført merkekrav til dyret. Så ein kan identifisere dyret med eigaren. Men slik vart det ikkje.

– Dette er faktisk eit av dei langsiktige, viktige tiltaka. Og det er særdeles kritikkverdig å la vere å innføre merkekrav også på husdyr, meiner Myrmel.

Kattane som i dag vart teke hand om, vart funne eit steinkast ifrå Førde sentrum. Nok ein indikasjon på at katt utan heim og eigar, ikkje berre er noko landsbygdproblem.

Myrmel påpeikar at dei har fleire positive hendingar knytt til funn av heimlause kattar òg.

– Nokre gongar, er det katten som ikkje finn heim, og då er det kjekt å kunne overlevere katten til heimen igjen.

Artikkeltags