Heile campingen under vatn

Reed Camping

Reed Camping Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Reed Camping og Fritid har fått vatn inn over heile campingplassen. Nesten alt av vogner og hus står under vatn.

DEL

Himmelen er klår no, og det ligg snø ned etter fjellsidene på Breim. Men på Reed Camping og Fritid, står campingvogner, spikartelt, hytter og sanitæranlegg under vatn.

– Eg går no her og vassar. Det er eit katastrofeområde. Det er førtiåtte vogner på camingplassen no, og det er berre eit fåtal som har klart seg sånn nokolunde.

Sunde meiner at vatnet må ha stige 60 centimeter sidan klokka 18 i går. Han har laga seg eit merke, og er sikker på at vasstanden ikkje har gått ned noko endå.

– Aldri sett så mykje

Sjølv driv han Caravan Vest og kjende litt ansvar for å undersøke også dei andre vognene. Han har difor vassa rundt for å ta bilde og sjå, men det er lite som kan gjerast slik det er no.

– Det er ikkje noko kjekt syn. Omtrent alt har roke med, seier han.

Vatnet står høgt over normalen.

– Gamlekarane her oppe seier dei aldri har sett så mykje.

– Ingen kunne føresjå

Anita Vie var på campingplassen mange timar i går kveld og såg vatnet stige, men at vatnet skulle stige så mykje kunne ho aldri tenke seg.

– Det må ha stige opp mot ein meter sidan eg var der. Det er heilt uverkeleg, ingen kunne føresjå dette, seier ho.

Sjølv har ho ikkje fått full oversikt over skadane, men Bjarte Sunde oppdaterer dei som har vogn via Facebook.

– Det blir veldig mykje arbeid å rydde opp, men heldigvis er det berre materielle skader.

Send oss dine bilde frå flaumen i fylket som epost til redaksjon@firda.no eller på Instagram merkt #firdaflaum

Artikkeltags