Heil kommune får ikkje høyre lokalnytt

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Kan ta 1-2 dagar å ordne opp i problema.

DEL

Gulensendaren, som forsyner mellom anna Hyllestad, er ute av stand. Dette vil seie at NRK P1 ikkje er mogleg å få inn i kommunen.

Svein Strand, teknikar i Nordkring, fortel at dei har folk på staden for å sjå på sendaren. Han kan ikkje seie noko om kva type problem som har dukka opp.

– Det kan vere noko lite som sikringsproblem, men dersom det trengst nye delar, kan det ta 1-2 dagar å ordne opp i problemet, seier Strand.

Han fortel at dei berre har fått telefon frå ein person i Hyllestad som har registrert at P1 ikkje er mogleg å få inn.

Artikkeltags