Heidra med språkpris

Sportsjournalist Harald Thingnes får Alf Helleviks Mediemålpris 2011.

Sportsjournalist Harald Thingnes får Alf Helleviks Mediemålpris 2011. Foto:

Sportsjournalist Harald Thingnes blir hylla for nynorskbruken sin

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Sportsjournalist i NRK Sport Harald Thingnes frå Naustdal får Alf Helleviks Mediemålpris 2011.

Formidlar levande og ekte nynorsk

Thingnes får prisen for sitt konsekvente og ledige nynorsk i ein bokmåldominert journalistisk sjanger.

Dette melder Samlaget i ei pressemelding.

- Sportsjournalistar blir journalistane skulda for å bruke eit klisjefylt og lite gjennomtenkt språk. Men naustedølen har synt at sport kan formidlast på ein levande og ekte måte, med eit godt, fargerikt og samstundes normalisert og korrekt nynorsk, meiner nemnda som har bestemt at Thingnes skal få prisen.

Viktig språkleg førebilete

Nemnda er samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn.

– Harald Thingnes er eit viktig språkleg førebilete, både for andre journalistar, og ikkje minst for språkbrukarar i heile landet som følgjer NRK sine sportssendingar på radio og fjernsyn, meiner nemnda.

Prisen vert delt ut på årsmøtet i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 28. april.

Artikkeltags