Heidra brøytestikka

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Brøytestikka er 80 år, og vart i går heidra under avdukinga av minnestein på Svidalsneset i Jølster. Blant dei frammøtte fekk også ein annan 80-åring heider og ære.

Til glede for reisande

Brøytestikka vart oppfunnen av John Gregoriusen Aase frå Skilbrei. I 1928 fekk brøytestikka sin debut ved Ålhus i Jølster, til glede for reisande langs vegen.

Son til oppfinnaren, Jostein Aase, fekk sin del av merksemda. Mannen fyller nemleg 80 år sjølv laurdag. Per Birger Honheim frå Statens vegvesen nytta høvet til å framføre sjølvdikta viser til ære for både Aase og brøytestikka framfor 80-års jubilanten og dei rundt 30 frammøtte.

– Kjekt å presentere denne

Nysgjerrige turistar og bygdefolk titta på minnesteinen i det den vart avduka av Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal, rådmann Jostein By og ein representant for vegvesenet.

– Veldig kjekt å presentere denne minnesteinen, smiler Henning Rivedal, som har følgt prosessen.

Artikkeltags